Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er eBehandling

eBehandling er veileda internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv adferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Med denne behandlingsmetoden kan ein nå pasientgrupper som ellers har høg terskel for å søke hjelp, og behandlingskapasiteten til kvar enkelt terapeut aukar.

Internettbehandling gjer at du slepp du reiseveg til behandlinga, og du får moglegheit til å jobbe med behandlinga når det passar for deg. Du kan sjølv ta direkte kontakt med eBehandling , du treng ikkje tilvising frå fastlege.

  • Behandlinga varar inntil 12 veker
  • Behandlinga er nettbasert, og du får vekentleg kontakt med behandlar via meldingar i programmet.
  • Behandlinga er inndelt i kapittel med tekst du skal lese og oppgåver du skal gjere.

Før ein møter til vurderingssamtale (ansikt til ansikt) kan det vera nyttig å lesa første kapittel av det behandlingsprogrammet som du tenker er aktuelt for deg. Det vil gi deg et godt inntrykk av om internettbehandling passar for deg.

Erfaringar

Ein av grunnane til at behandlinga har effekt er at eBehandling er eit program som er basert på læring og øvingar, I tillegg får du minst ein gang i veka tilbakemedling og veiledning frå behandlar.

Her er nokre tilbakemeldingar vi har fått frå tidlegare pasientar:

  • "Eg er ikkje lenger redd symptom som kjem med angsten"
  • "Eg forstår angsten og er ikkje lenger så redd han"
  • "Eg er blitt mindre redd for panikkangsten"
  • "Eg har lært at dette er normale reaksjoner for menneske, og at eg ikkje er aleine med å ha eit angstproblem"
  • "Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg til å meistre angsten"
  • "Eg tenkjer at eg skal klare å takle situasjonar som før synast umoglege"
  • "Eg har lært å puste med magen, no køyrer eg bil"
Sist oppdatert 19.03.2025