Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fotomontasje med ulike personer. (Foto)

eBehandling

Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna gir tilbod om behandling over internett til deg som er plaga med depresjon, panikkliding eller sosial angst.

Kontakt oss

Telefon: 52 73 90 00 
Adresse: Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund
 

Send oss ein e-post

Ikkje send personopplysingar eller sensitiv informasjon i e-post. Ikkje bruk e-post for å melde deg på, sjå lenke for søknadsskjema under.

Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema for tilbod i eBehandling

Kva er eBehandling?

eBehandling er rettleia internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk.
 
Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar. 
 
Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. 
 
Med internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg.
 
Les meir om behandlingsprogramma våre på desse sidene. Her finn du også første modul i kvart av behandlingsprogramma. 

 

Sist oppdatert 19.03.2025