Kvifor brukarundersøkingar?
Kva fungerer og kva kan vi bli betre på. Du som er pasient eller pårørande er viktig for at vi skal få svar på desse spørsmåla. Difor er det viktig for oss at du er med i brukarundersøkingar.
Kartlegge kva som er bra og kva vi kan forbetre
Utvikle tenestene i tråd med dine behov
Du som er pasient eller pårørande skal kjenne at du blir sett og høyrd
Resultata frå undersøkingane våre bruker vi til kvalitetsforbetringsarbeid, og gir også auka brukarmedverknad i spesialisthelsetenesta
Brukarundersøkingar fungerer også som viktig styringsinformasjon for leiing av tilboda, og fortel oss om korleis brukarane opplever kvaliteten vårog dialogen med behandlar
Uttrykk vi nyttar i undersøkingar
Brukar
Innlagde og polikliniske/dagkirurgiske pasientar (vaksne og born) innan somatikk og psykiatri, føresette, og pårørande.
Koordinator
Den som koordinerer alle pasienterfaringsundersøkingar i Helse Fonna.
Pasienterfaringsundersøkingane vert gjennomførte med ulikt omfang og på ulikt nivå
- Nasjonale undersøkingar, også kalla PasOpp – pasientoppleving, skjer i heile landet
- Regionale undersøkingar skjer i ei eller fleire einingar i kvart føretak i Helse Vest
- Lokale undersøkingar skjer i ei eller fleire einingar berre i Helse Fonna
Gjennomføring
Nasjonale pasientopplevingsundersøkingar (PasOpp) blir gjennomført to til tre gonger årleg av Kunnskapssenteret, i samarbeid med helseføretaka. Oppdragsgjevar er Helsedirektoratet, og direktoratet vedtek kva for pasientgrupper som skal spørjast.
Lokale brukarundersøkingar blir initierte av Helse Fonna etter
- Ønskje eller initiativ frå einingar
- Innspel frå Brukarutvalet, Kvalitetsutvalet, Pasientryggingsutvalet, føretaksleiinga, eller andre
- Funn frå uønskte hendingar eller klage- og tilsynssaker
- Føringar i oppdragsdokument, styringsdokument, strategidokument og så vidare
- Særskilte risikoområde
Ein gjennomfører også ei regional brukarundersøking ein gong i året, som er initiert av Helse Vest, med innspel frå føretaka og det regionale nettverket for pasienterfaringsundersøkingar i Helse Vest.
Utføring/innsamling av svar
Som pasient ved ein poliklinikk eller sengepost, vi du få informasjon frå tilsette om det er ei brukarundersøking i eininga når du er der.
Spørjeskjema som blir brukt er av ulikt omfang. I PasOpp-undersøkinga er det 40-50 spørsmål, medan dei lokale nyttar ein kortversjon, med 10-3 spørsmål. Stort sett alle brukarundersøkingar går føre seg i ein periode på to til tre månader. Om du svarer på papir eller nettbrett, og når det skjer, avhenger av kvar du får behandling.
I dei nasjonale brukarundersøkingane får du tilsendt brev og spørjeskjema i posten, i etterkant av behandlinga. Du kan velje mellom å svare elektronisk eller på papirskjema.
Du vel sjølv om du vil vere med i ei undersøking.
Svara er ikkje knytt til person, og alle opplysingar som samlast inn blir handsama fortruleg. Dei tilsette ved sjukehuset får ikkje vite om du har svart, eller eventuelt kva du har svart.
Resultat
Resultatrapport frå ei undersøking sendast til eininga den høyrer til for vidare oppfølging. Kopi av rapporten sendast også til Kvalitetsutvalet, Brukarutvalet og Eining for fag og føretaksutvikling i Helse Fonna.
Oppfølging
Deltakande eining har ansvar for vurdering av resultatrapport, og oppfølging i si eining. Prosjekt eller tiltak ein startar etter dette skal settast opp i ein handlingsplan, med tidsfrist og ansvarleg for oppfølging.
Publisering
Resultat frå brukarundersøkingane publiserast på helsenorge.no, Kunnskapssenteret si nettside og våre nettsider.
Evaluering
Deltakande eining skal evaluere gjennomførte tiltak etter ei tid.
PasOpp 2015 – Brukarerfaringsundersøking. Pasienterfaringar
med norske sjukehus i 2015
Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta (Kunnskapssenteret) gjennomførte hausten 2015 ein nasjonal brukarerfaringsundersøking blant vaksne døgnpasientar ved somatiske sjukehus. 400 tilfeldige pasientar blei valt frå kvart av landets 61 sjukehus. Totalt blei 23460 pasientar inkludert i undersøkinga. Desse fekk tilsendt eit spørjeskjema med moglegheit til å svare på papir eller elektronisk. Totalt i hele landet svarte 12884 pasientar på undersøkinga (59 prosent).
Pasientar rapporterer stadig betre erfaringar med norske sjukehus. I 2015 var sju indikatorar av i alt ni pasienterfaringsindikatorar signifikant betre enn i 2011.
Les hele rapporten
Les rapport for Stord sjukehusLes rapport for Odda sjukehusLes rapport for Haugesund sjukehusLes rapport for Helse Fonna HF
PasOpp 2014
Kunnskapssenteret: Pasienterfaringer med norske sykehus i 2014. Lokale rapporter og nasjonale resultater
Resultat frå brukarundersøkingar