Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedolizumabbehandling

Dersom du har ein betennelsessjukdom i tarmen som treng behandling, kan det vere du skal bli behandla med vedolizumab.

Vedolizumab er eit såkalla «anti-integrin». Betennelsen i tarmveggen vil tiltrekke stadig fleire kvite blodlekamar som igjen skaper meir betennelse. Vedolizumab blokkerer eit molekyl (integrin) på kvite blodlekamar i blodet. Dermed kan ikkje kvite blodlekamar på veg til tarmen hekte seg fast til blodåreveggen og komme seg ut i tarmveggen og til betennelsen. På denne måten blir betennelsesreaksjonen hemma, og sjukdomsaktiviteten blir redusert. Vedolizumab påverkar berre ein avgrensa del av kvite blodlekamar og klarer ikkje å fjerne kvite blodlekamar som alt finst i tarmveggen. Derfor tar det ofte fleire månader før ein når full effekt. Vedolizumab tilhøyrer medikamentgruppa «biologiske legemiddel». Alle biologiske legemiddel gir ei viss hemming av immunsystemet. Dette medfører ein redusert betennelsesaktivitet, men kan også gi moglege biverknader og komplikasjonar, som infeksjonar.

Tilvising og vurdering

Hemming av immunforsvaret kan medføre at «sovande» infeksjonar blussar opp, eller nye infeksjonar rammar kraftigare eller varer lenger enn vanleg. Derfor er det nødvendig å ta nokre førebuande prøver før ein set i gang behandlinga. Dette inneber blodprøver, inkludert ein test for å sjekke at du ikkje har tuberkulosebakteriar i kroppen, og eit røntgenbilde av lungene. Det er viktig at du informerer legen dersom du tidlegare har fått behandling for tuberkulose. Du blir også testa for virussjukdommar (blant anna hepatitt og HIV). Desse prøvene blir tatt rutinemessig hos alle. Du vil få utdelt dei nødvendige skjemaa for å få tatt prøvene, og svara blir samla hos sjukehuslegen som behandlar deg. 

Andre viktige tilstandar 

Som eit ledd i førebuingane vil også legen undersøke deg for å påvise andre tilstandar som kan ha betydning, som alvorleg hjartesvikt, annan organsvikt, kreftsjukdommar, pågåande infeksjon, multippel sklerose og graviditet. 

Før

Graviditet og amming 

Ein har foreløpig ikkje nok kunnskap og erfaring med bruk av vedolizumab under graviditet og amming. Sjølv om det ikkje er påvist fosterskadelege effektar, vil ein berre vurdere behandling med vedolizumab under graviditet dersom det er aktiv sjukdom eller stor risiko for tilbakefall ved behandlingsstopp. Vurderinga blir gjort individuelt. 

Ubehandla aktiv sjukdom under graviditet utgjer sannsynlegvis ein betrakteleg større risiko for fosteret. 

Amming: Ein har foreløpig ikkje data på overgang i morsmjølk. Sannsynlegvis vil nivået vere lågt, og risiko for påverknad av barnet vil vere liten. 

NB! Ved biologisk behandling i svangerskapet bør barnet ikkje få levande rotavirusvaksine (blir vanlegvis gitt innan tre til fire månader etter fødsel). 

Vaksinar 

Vi anbefaler vaksinasjon mot ein del tilstandar som kan skape komplikasjonar ved biologisk behandling (noko svekka immunforsvar): 
  • Influensavaksine. Bør bli tatt årleg hos fastlegen. 
  • Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse). Bør bli tatt kvart femte år hos fastlegen. 
  • Hepatitt B-vaksine – blir anbefalt dersom du planlegg å reise til land med høg førekomst av hepatitt B (f.eks. Vietnam eller Kina), eller dersom du av yrkesmessige eller andre årsaker kan bli eksponert (f.eks. som helsepersonell).  
  • HPV-vaksine (humant papillomavirus) – kan ha betydning for utvikling av livmorhalskreft. Vaksinen blir nå tilbydd gratis til alle 12 år gamle jenter og blir anbefalt til unge kvinner som startar med biologisk behandling som vedolizumab, fordi det kan vere ein viss auka risiko for HPV-infeksjon ved denne typen behandling. I tillegg blir det anbefalt gynekologisk undersøking med celleprøver frå livmorhalsen kvart tredje år. 
  • Varicellavaksine (mot vasskoppar) – blir anbefalt dersom Varicella zoster-blodprøve viser manglande immunitet, fordi vasskoppar kan vere alvorleg ved nedsett immunforsvar.  

NB! Ikkje ta levande vaksinar så lenge du blir behandla med vedolizumab. Levande vaksinar (BCG, MMR, Varicella zoster-virus, gul feber, polio oral og tyfus oral) må bli tatt seinast tre veker før oppstart eller tre månader etter avslutta behandling.

Under

Når alle dei førebuande prøvene er tatt, og svara er vurdert, blir du kalla inn til ein oppstartskonsultasjon hos ein sjukepleiar. Der får du nøyare forklaring om korleis behandlinga går føre seg.  

Medikamentet blir gitt som ein infusjon i armen, intravenøst via ei infusjonspumpe. 

Behandlinga går føre seg på eit eige behandlingsrom, der ein sjukepleiar vil sjekke blodprøvene, stille rutinemessige spørsmål om sjukdomsaktiviteten og deretter gi medikamentet. 

Du får behandling tre gonger i løpet av dei første seks vekene, deretter kvar åttande veke. Behandlingsintervallet kan bli endra etter kvart ut frå behandlingsresponsen. Det tar 30 minutt å gjere klar vedolizumab, og infusjonen blir så gitt over 30 minutt. Etter dei første to behandlingane er det ei observasjonstid på to timar for å sjekke om du får reaksjonar på medikamentet. Deretter blir observasjonstida korta ned til ein time. 

Etter

Kontrollopplegg og prøvetaking 

Vanlegvis kjem du til konsultasjon hos sjukepleiar kvar åttande veke i forbindelse med vedolizumab-infusjonane. Konsultasjon hos lege blir avtalt fire til tolv veker etter oppstart av behandlinga, deretter vanlegvis kvar sjette månad.  

Rutineblodprøver, blant anna hemoglobin og CRP (hurtigsenking), blir tatt før kvar behandling med vedolizumab. Du får skjema for blodprøvetaking på førehand, og prøvene kan bli tatt på fastlegekontoret ditt to dagar før eller på sjukehuset dagen før infusjonen startar. Resultatet må vere klart før behandlinga blir gitt. 

Vi ønsker også å måle konsentrasjonen av vedolizumab i blodet for å sikre at du får høg nok dose, første gong etter 10 vekers behandling, deretter kvar sjette månad så lenge du får vedolizumab. 

Avføringsprøve for å måle calprotectin i avføring bør bli sendt inn om lag kvar tredje månad det første året for å følge behandlingsrespons. Deretter er det nok med prøve kvar sjette månad, eller etter avtale med legen. Utstyr til prøvetaking kan du hente på gastropoliklinikken eller få tilsendt ved førespurnad på telefon. 

Behandlingsvarigheit 

Dersom vedolizumab har effekt i løpet av tre til fire månaders bruk, vil behandlinga oftast fortsette i minst tolv månader for å halde sjukdommen under kontroll over tid. Behandlingsvarigheita for biologisk behandling som vedolizumab er ikkje fastlagt utover dette, men ved god respons vil mange fortsette så lenge medikamentet har effekt, det vil seie i fleire år. 

Etter minst eitt års behandling kan ein vurdere å avslutte behandlinga dersom du har vore utan teikn til aktiv sjukdom (symptomfri med normale blodprøver og normal calprotectin i avføringa) dei siste seks månadene. 

Ver merksam

Reaksjonar på infusjonen 

Dei fleste tolererer medikamentet godt. Om lag ein av ti kan reagere på medikamentet og oppleve biverknader i forbindelse med infusjonen: 
  • Raudfarge/kløe i armen der infusjonen blir gitt 
  • Kvalme, svimmelheit og generell kløe 
  • Klem i brystet eller pustevanskar 
  • Seinreaksjon tre til ti dagar etter infusjon med feber, hovudverk, kvalme, leddsmerter, muskelsmerter, raudfarge i huda. Dette er sjeldan. 
  • Alvorlege allergiske reaksjonar er sjeldne. 

Andre biverknader og forholdsreglar 

Vedolizumab kan gi noko nedsett immunforsvar. Det betyr at du kan vere meir mottakeleg for infeksjonar som forkjøling, halsbetennelse, biholebetennelse, lungebetennelse og infeksjon i urinvegane (blærekatarr). Infeksjonar kan vere kraftigare enn ved upåverka immunsystem. Alvorlege infeksjonar førekjem svært sjeldan ved behandling med vedolizumab. 

Ta kontakt med behandlande lege så snart som mogleg dersom du skulle oppleve nevrologiske symptom som synsforstyrringar, talevanskar, kraftsvikt i armer eller bein eller tap av minne. Dette kan vere teikn på ein svært sjeldan, alvorleg biverknad («progressiv multifokal leukoencefalopati») som gjer at ein må stoppe behandlinga. Biverknaden er så langt ikkje påvist ved vedolizumab, men ved andre liknande legemiddel. 

Oppsøk lege (vanlegvis fastlege) ved mistanke om infeksjon, for undersøking, relevante prøver og eventuelt rask oppstart av antibiotikabehandling. Teikn på infeksjon kan vere feber, vedvarande host, kort pust, vekttap, nattesveitte, diaré, sår/utslett, tannproblem, svie ved vasslating eller influensaliknande symptom. Om du ikkje får tak i fastlegen, kan du kontakte legevakta. 

Ved infeksjon må behandlinga med vedolizumab bli utsett til du er infeksjonsfri. Dette blir vurdert av lege på gastroavdelinga. 

Kontakt

  • Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk

    Oppmøtestad

    Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

    Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  