Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
AMD er ein augesjukdom som kan medføre varig skade i skarpsynsområdet (makula). På folkemunne blir sjukdommen ofte kalla forkalking i auget eller svekking av skarpsynet.
Vi skil mellom tørr og våt AMD. Verken tørr eller våt AMD kan kurerast, men våt AMD kan behandlast med injeksjonar. Behandlinga gjer at dei aller fleste beheld synet dei har, og dei fleste som ikkje har fått varige skadar på netthinna, vil også få betre syn. Våt AMD inneber for dei fleste behandling med jamne mellomrom livet ut.
Både fastlege, optikar og privatpraktiserande augelege kan vise deg til Augeavdelinga ved mistanke om AMD. Ein augelege vil vurdere fartsgraden på tilvisinga.
På augeavdelinga vil du bli motteken av ein sjukepleiar, som vil gjennomføre aktuelle forundersøkingar.
Får du påvist våt AMD, vil du få tilbod om sprøyteinjeksjon direkte i auget. Behandlinga gjer at dei aller fleste beheld synet dei har, og dei fleste som ikkje har fått varige skadar på netthinna, vil også få betre syn.
Behandlinga må gjentakast med jamne mellomrom, og varer ofte livet ut.
Augeavdelinga vil følgje deg opp med kontrollar og eventuelle nye injeksjonar.
Opplever du aukande smerter eller ubehag, at du er hoven, at auga blir raudare, at du får uklart syn eller blir meir sensibel for lys, må du kontakte oss så snart som mogleg.
Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen. Når du kjem ut av heisen, går du til høgre og følgjer gangen til ventesone 4C.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund