Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vankomycinresistente enterokokkar (VRE)

Enterokokkar er ei gruppe bakteriar som finst i tarmen hos alle menneske og dyr. VRE er ei forkorting for «Vancomycinresistente enterokokkar», det vil seie enterokokkar som har vorte motstandsdyktige (resistente) mot eit antibiotikum som heiter vankomycin. Fordi mange antibiotikatypar då ikkje verkar, kan det vere vanskeleg å behandle infeksjonar med desse bakteriane.

Før

VRE skilst ut i avføring og kan finnast på huda og hendene, og nokre gonger i spytt eller urin. Bakteriane kan også finnast i omgivnadene rundt ein person som er smitta, til dømes på nattbord, sengetøy, dørhandtak og inventar på baderommet. Derfrå kan dei overførast til dei som tek på dette.

Smitten blir vanlegvis overført via hendene til munnen. God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå smitte.

VRE er sjeldan i Noreg, men vanlegare i mange andre land, og innlegging på sjukehus i utlandet gir større risiko for å bli smitta.

Kva kan VRE føre til?

VRE lever som regel fredeleg i tarmen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «VRE‐berarskap» eller «kolonisering». Bakterien kan forsvinne av seg sjølv, men det kan ta mange månader og i enkelte tilfelle år.

Dersom bakterien forårsakar ein infeksjon, fører den oftast til urinvegsinfeksjon, men andre infeksjonar kan også finnast.

Kven er mest utsett for å bli sjuke av VRE?

Personar med alvorleg sjukdom og nedsett immunforsvar (til dømes kreft) er mest utsette for å bli sjuke av VRE. Derfor er det spesielt viktig å hindre smitte i sjukehus.  

Under

Sjølv om mange antibiotika ikkje verkar, vil det som regel vere mogleg å behandle infeksjonar med VRE. Det finst inga effektiv behandling som fjernar bakteriane frå tarmen (berarskap).

Kva tiltak er nødvendige?

Handvask eller bruk av handsprit på hendene er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av VRE.

Ved innlegging i sjukehus vil du vanlegvis få einerom og eige toalett. Helsepersonalet og besøkjande bruker som regel verneutstyr som smittefrakk og hanskar, eventuelt også munnbind og briller. Skittentøy blir samla i ein eigen gul sekk på rommet.

Vanlegvis må du opphalde deg på rommet under heile sjukehusopphaldet. I nokre tilfelle er det mogleg å gå ut av rommet etter nærare avtale med personalet.

Kan du få besøk?

Ja, men det må takast forholdsreglar for å unngå at besøkjande blir smitta eller spreier smitte til andre:

  • Besøkjande skal kontakte personalet før dei går inn i pasientrommet. Dei skal bruke verneutstyr i form av smittefrakk og hanskar, og skal ikkje setje seg i pasientsenga. NB: Besøkjande som til vanleg bor i same husstand som pasienten treng i nokre tilfelle ikkje å bruke verneutstyr. Ta kontakt med personalet.
  • Besøkjande skal ikkje bruke personlege eigedelar (til dømes mobiltelefonar) i pasientrommet.
  • Besøkjande skal ikkje ete eller drikke under besøket, heller ikkje mat eller drikke som er medteken. Dei skal ikkje forsyne seg med mat/drikke på sengeposten eller nytte kafeteria, kantine eller kiosk på sjukehuset.
  • Besøkjande skal ikkje bruke toalettet som høyrer til pasientrommet (unntak i nokre tilfelle). Kontakt personalet ved behov for toalettbesøk.
  • Det er viktig at alle besøkjande vaskar eller spritar hendene grundig når dei går ut av rommet.
  • Besøkjande skal unngå å besøkje andre pasientar.

Sjukehuspersonalet vil informere ytterlegare om kva forholdsreglar som gjeld for pårørande som skal opphalde seg lenge på sjukehuset.

Etter

Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men det er likevel nokre få ting du bør gjere:

  • Vask hendene ofte, spesielt etter toalettbesøk, før matlaging og måltid. Det same gjeld for alle personar i husstanden din.
  • Bruk eigne handkle og vaskeklutar.
  • Vask undertøy, handkle og sengetøy på minst 60°C, og ikkje saman med tøy frå andre personar.
  • Opplys om VRE ved alle kontaktar med helsevesenet. Det same gjeld for husstandsmedlemmer.

Har du spørsmål, kan du få informasjon av den behandlande legen din eller sjukepleiar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.