Oppvaking
Det er vanleg å vere på oppvakinga/intensiv i ca 2 timar etter operasjonen. Det er viktig at pasienten får ro i denne fasen og det bør ikkje vere med meir éin pårørande.
Smertelindring på sjukehuset
Barnet vil få medisiner mot smerter og eventuelt kvalme. Mange operasjonar gir ubehag eller smerter etterpå, og vi har medisinar som vi gir dersom barnet treng det.
Heimreise
Før heimreise vil legen som opererte og sjukepleiar på oppvakinga snakke med dykk om kva de må passe på etter operasjonen. De vil få informasjon om eventuelt bruk av smertestillande medisin og oppfølging.
Inngrepet blir stort sett gjort som dagbehandling, det vil seie at pasienten kjem inn til operasjon og reiser heim same dag. Ved lang reiseveg kan barnet overnatte på hotell saman med ein pårørande. Dette avtaler vi med dykk. Dersom barnet må leggast inn på sjukehus i samband med operasjonen, skjer det på barneposten saman med éin pårørande.
Smertelindring heime
Det er vanleg med litt dunking og smerte i øyrene dei første par dagane etter operasjonen, deretter skal det ikkje vere særlege smerter. Ved behov for smertelindring tilrår vi Paracet. Dersom Paracet i tilrådd dose ikkje gir nok smertelindring må de ta kontakt med oss.
Mat og drikke
Pasienten kan spise og drikke som vanleg etter operasjonen.
Fysisk aktivitet
Pasienten skal ikkje ha gymnastikk eller drive kontaktidrett i 4 veker etter operasjonen.
Dusj/bad
Pasienten kan dusje utan hårvask. Bandasjen skal haldast tørr.
Fråver
For barn må ein rekne ei god veke heime frå skulen etter behandling. Be om fråverserklæring frå lege dersom det er nødvendig. Foreldre til barn som er blitt operert må bruke egienmelding for sjukt barn
Kontroll og oppfølging
Pasienten kjem tilbake ein av dei første dagane etter operasjonen. Legen som opererte vil då sjekke bandasjen og legge på ny viss det er behov for det. Dei opererte øyrene vil ha ein mørk raudfiolett farge ei tid etter inngrepet, men dette vil gradvis normalisere seg i løpet av nokre veker. Suturer (sting) og resten av bandasjen blir fjerna etter 8-10 dagar. Det er vanleg å kontrollere resultatet 3-4 månadar etter operasjonen.