Gynekologen vil ta stilling til kva slags behandling du skal ha. Etter overgangsalderen anbefaler ein alle med urinlekkasje å nytte lokale østrogen. Dette for å styrke slimhinna, førebygge blærebetennelse og dempe ei overaktiv blære. Overvektige blir anbefalt å gå ned i vekt. Medikamentell behandling kan ha effekt hos enkelte ved hastverkslekkasje og kan i så fall startast opp like etter at du har vore hos lege. Legen vil i så fall gje deg resept på dette.
Trening av bekkenbotnen vil ha effekt hos mange, spesielt dei som er plaga med lekkasje når dei anstrenger seg. Legen vil vurdere om du skal få time hos fysioterapeut som har spesialkompetanse på dette. Du kan starte med bekkenbotntrening med ein gong.
Blæretrening og andre tiltak for å betre toalettvanane kan hjelpe mange. Uroterapeuten vil snakke med deg om dette.
Ved lekkasje når du anstrenger deg, kan operasjon vere eit alternativ dersom trening eller andre tiltak ikkje har hatt ønska effekt. Den mest vanlege operasjonsmetoden ved slik lekkasje er TVT eller ulike variantar av den.
Enkelte pasientar må prøve ulike typar behandling før vi når målet. Andre behandlingar vi bruker er elektrostimulering, bulkamid, botox eller operasjon for blæreframfall.
Operasjon ved anstrengingslekkasje
Ved urinlekkasje når du anstrenger deg, kan operasjon vere eit alternativ dersom trening eller andre tiltak ikkje har hatt ønska effekt. Den mest vanlege operasjonsmetoden er å operere inn eit band under urinrøyret som gir støtte for å hindre lekkasje.
-
Før
Behandlinga krev inga førebuing.
-
Under
Operasjonen skjer med lokalbedøving, og avslappande medisin ved behov.
Under operasjonen blir det gjort eit lite snitt på ca. 1 centimeter i framveggen i skjeden. Via snittet blir eit lite band ført under midten av urinrøyret for å støtte.
Operasjonssnitta blir lukka. Stinga i skjeden løyser seg opp av seg sjølv etter nokre veker.
Mange kvinner seier at det kjennest annleis å late vatnet dei første gongene, inntil blæra tilpassar seg. Vanlegvis kan du late vatnet som normalt etter nokre timar.
-
Etter
Du kan dra heim når du får til å tisse normalt, som oftast same dag. Vi kontrollerer rest-urin med ein blærescanner før du får forlate avdelinga. Dei fleste tissar meir langsamt etter inngrepet. For å førebygge urinveisinfeksjon får du med Hiprex tablettar som du skal ta morgen og kveld i tre dagar, inkludert operasjonsdagen.
Sjukmelding
1 veke
Smertestillande
Det er vanleg å ha litt smerter dei første dagane etter operasjonen. Du kan ta smertestillande tablettar for smertene. Vi anbefaler at du kjøper inn reseptfrie smertestillande medisin før operasjonen.
Sting
Under operasjonen blir det brukt tråd som forsvinn av seg sjølv. Nokre veker etter operasjonen kan det komme trådbitar frå skjeden.
Bløding
Det er vanleg med litt bløding i nokre dager-nokre veker etter operasjonen medan såra gror.
Tømmingsvanskar
Dersom du har problemer med å tømme deg etter operasjonen, eller du har andre problem eller spørsmål, kan du kontakte oss på telefon.
Aktivitet etter operasjon
Etter operasjonen kan du vere i normal fysisk aktivitet og du kan begynne å trene når du kjenner deg i form til det. Det er viktig at såret i skjeden får tid til å gro. Det beytr at du bør unngå samleie, tampong og aktivitetar som sykling og spinning den første månaden etter operasjonen.
Kontroll
Vi ønsker at alle som blir operert for TVT blir registrert i den anonyme nasjonale databasen NKIR - Norsk kvinnelig inkontinensregister. Du vil bli bedt om å skrive under samtykke til dette. Er du med i registeret, vil du bli innkalt til en frivillig kontroll ett og tre år etter inngrepet.
Ver merksam
Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar, oftast blodopphopingar, blodpropp eller infeksjon. I sjeldne tilfelle kan andre organ som tarm og urinblære bli skadd. Svært få opplever at slimhinna i skjeden over bandet ikkje vil gro.
Det kan ein sjeldan gang vere vanskeleg å stramme bandet riktig, og det kan bli vanskeleg å tisse. Vi måler derfor rest-urin før du kan dra heim. Nokre få må lære å tømme blæra med kateter til tissinga er kommer i gang. Om bandet er lagt for stramt, kan den som opererte deg slakke bandet dagen etter.
Dersom plagane etter operasjonen ikkje blir mindre frå dag til dag, men i staden aukar - så skal du ta kontakt med sjukehuset. Særleg bør du vere merksam på aukande smerter, pustebesvær, feber, plagar frå urinvegar og tarm. Svie og hyppig vasslating etter operasjonen, kan vere teikn på blærekatarr, og du bør levere morgonurinprøve på reint glas hos fastlege. Det kan oppstå bløding eller skade på urinblæra i samband med at bandet blir ført inn, problem med å tømme blæra, sterk vatnlatingstrong, indre blodutreiingar og infeksjonar.
Gå til
Operasjon ved anstrengingslekkasje