Ultralydundersøking

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

Innleiing

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

Tilvising og vurdering

Fastlege og lege på sjukehuset kan tilvise til ultralydundersøking.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

     

1. Før

Førebuing til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva som skal undersøkast.

  • Ved undersøking av mageregionen må du vere fastande dei siste fire timane før undersøkinga.
  • Ved undersøking av urinblæra skal du møte med full urinblære.
  • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

 

2. Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé  på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.  Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

I nokre få tilfelle er det aktuelt å gi kontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

3. Etter

Inneliggande pasientar kan gå tilbake til avdelinga med det same.

Andre pasientar kan reise heim etter undersøkinga. 

Ved ultralydundersøking der kontrast blir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga ei lita stund etter at kontrasten er sett inn.

Resultatet av undersøkinga

Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke.
Bileta og beskrivinga blir lagra i datasystemet vårt.

Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg. 

Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag. 

Ver merksam

Kontakt

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.