Undersøking
Ultralyd av hjartet hos barn og ungdom
Ultralydundersøking av hjartet er ein del av utgreiinga ved dei fleste hjartesjukdommar og medfødde hjartefeil. Undersøkinga gir detaljert informasjon om hjartets anatomi og funksjon.Før
Undersøkinga krev inga spesiell førebuing, men det er lurt at sped- og småbarn er mette og nøgde før undersøkinga for å kunne halde seg mest mogleg i ro.
Under
Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøsen. Sped- og små barn kan ligge på fanget. Større barn kan sjå på film under undersøkinga.
Undersøkinga blir gjort av ein barnelege, som held eit lydhode mot barnets brystvegg. For at ultralydapparatet skal kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom hud og lydhode. Derfor bruker vi alltid ein kontaktgelé på huda.
Bilder blir registrert på ein skjerm som står ved sida av pasienten. Bilde blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av barnelegen.
Gjer det vondt?
Undersøkinga er smertefri. Dersom spedbarn er urolege, kan vi gi litt sukkervatn som er beroligande.
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga varer vanlegvis 20-30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller barnet er uroleg.
Etter
Legen fortel vanlegvis om resultatet umiddelbart etter undersøkinga. Skriftleg svar blir sendt til avdeling, lege/fastlege som tilviste til undersøkinga.
Barnet blir ikkje påverka av undersøkinga og kan reise heim eller tilbake til avdeling umiddelbart etter avslutta undersøking. Innanfor dei anbefalte retningslinjer er ultralyd ei ufarleg undersøking utan biologiske effektar.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund