Saman med deg vurderer vi kva behandling du har behov for.
Behandling i TSB kan omfatte avrusing, kartlegging/utgreiing, poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og ambulerande oppfølging/behandling.
Som oftast får du tilbod om å starte behandlinga på poliklinikk. Saman med deg vurderer vi fortløpande om du har behov for eit anna behandlingsopplegg, som for eksempel døgnbehandling.
Avrusing
Mange kan ha behov for avrusing i starten eller undervegs i eit behandlingsforløp. Avrusinga kan skje poliklinisk ved dagbehandling eller ved innlegging i ei avrusingsavdeling.
Vi følgjer Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler.
Avrusing frå alkohol
Avrusing frå benzodiazepiner
Avrusing frå opioid
Poliklinikk
Poliklinikk er ofte hovudtilbodet i behandlinga og inneheld individuelle samtalar. Her startar og avsluttar som regel behandlinga. Undervegs i behandlinga, kan du ha behov for annan type behandling. I ein poliklinikk går du til regelmessige samtalar hos ein behandlar over ein periode.
Ambulante tenester/behandling
Prinsippet i ambulant behandling er at oppfølginga skjer der du har nettverket ditt. Behandlinga blir altså flytta ut frå vår institusjon og heim til deg og ditt nærmiljø. Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Vi kan vere tett på, med moglegheit for dagleg oppfølging saman med deg, i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.
Døgnbehandling
Dersom du og behandlaren din kjem fram til at poliklinisk behandling ikkje er tilstrekkeleg, kan det vere nødvendig med innlegging. Då vil behandlinga føregå ved ein døgnavdeling. Ei innlegging har vanlegvis ei varigheit på 3 – 6 månader (korttid), og 6 - 12 månader (langtid), men dette kan også tilpassast individuelt.
Det finst fleire metodar og terapiformer for behandling av rusavhengigheit. Dei ulike behandlingsstadane har forskjellig tilnærming.
Dagbehandling
For nokre kan det vere aktuelt med eit dagtilbod. Dagtilbodet kan vere eit tilbod i ein døgnavdeling der du kan kome og følgje eit behandlingsopplegg på dagtid, eller tilbod i eige dagsenter.
Rus dagbehandling, nynorsk