Trombotisk trombocytopenia purpura (TTP) – behandling
Dette er ein tilstand karakterisert ved få blodplater, låg blodprosent (anemi) som følgje av øydelegging av dei raude blodlekamane (hemolyse) og utbreidde små blodproppar som inneheld mykje blodplater. Det er viktig å få stilt diagnosen raskt fordi behandling med plasma eller plasmautskifting har god effekt på sjukdommen, medan dødelegheita er høg utan behandling.
Førekomst
Dette er ein sjeldan sjukdom. I USA er det rekna med at det årleg oppstår 4–11 tilfelle per 1 000 000. Den finst som ein arveleg og medfødd sjukdom og som ein erverva sjukdom. Ved den arvelege forma er sjukdomsdebuten som oftast i tidleg barnealder. Den erverva forma finst først og fremst blant yngre vaksne i aldersgruppa 20–50 år, og den finst noko hyppigare blant kvinner. Risikoen er noko auka i samband med graviditet.
Ubehandla er forløpet ved trombotisk trombocytopenisk purpura som regel stormande, med dødeleg utgang. Med behandling blir 80–90 prosent friske, også nerveskadane går tilbake hos desse.
Før
Ved legeundersøking kan funna vere svært varierande. Før behandling kan det vere behov for å ta prøvar, til dømes blodprøvar og biopsi (vevsprøve) for å kunne stille ein sikker diagnose.
Endeleg diagnostikk er å bestemme mengda av ADAMTS13 i plasma. Dersom vi påviser nedsett mengd ADAMTS13 (<5‐10 % av normal mengd) blir neste steg å undersøkje om det er teikn til antistoff mot ADAMTS13 i plasma. Dersom det ikkje er teikn til antistoff mot ADAMTS13, dreier det seg sannsynlegvis om den arvelege forma for TTP, og det blir stadfesta ved molekylærgenetiske undersøkingar.
Under
Målet med behandlinga av den akutte tilstanden vil vere å få kontroll med sjukdomsutviklinga samtidig som ein får teke nødvendige prøvar for ein definitiv diagnostikk.
Tilførsel av plasma
Første behandlingstiltak vil vere intravenøs tilførsel av plasma. Plasma inneheld ADAMTS13. Dersom det ikkje er openbert at det dreier seg om den arvelege varianten av TTP er det nærliggjande å kombinere plasmabehandlinga med plasmaferese for å fjerne antistoffa mot ADAMTS13 frå plasmaet til pasienten.
Etter
For dei fleste inneber TTP eit tidsavgrensa sjukdomsforløp med helsebot utan tilbakevendande sjukdom. Dette gjeld dei som har erverva sjukdom. Nokre få av desse vil utvikle kronisk tilbakevendande sjukdom som må behandlast med jamne mellomrom. Nokre pasientar utviklar organsvikt (ofte nyresvikt) i tilknyting til den akutte sjukdommen, og får derfor sjukdomsmanifestasjonar som må følgjast opp og behandlast.
Hos dei pasientane som har den arvelege forma for TTP er behandlingstilbodet i dag regelmessig plasmabehandling, kvar 2.‐3. veke på ubestemd tid.
Cirka 20 prosent har kronisk tilbakevendande trombotisk trombocytopenisk purpura og må behandlast for dette med jamne mellomrom.
Fordi tilstanden har ein tendens til å vende tilbake, bør du vere rask til å ta kontakt med lege dersom du merkar nye teikn til sjukdommen. Det kan vere magesmerter, kvalme, brekkingar eller diaré. Legen tek då blodprøvar for mellom anna å sjå etter teikn til låg blodprosent og få blodplater.
Sidan mange pasientar med TTP er unge kvinner, og fordi det er ein samanheng mellom TTP og svangerskap, vil det vere ein risiko for ny sjukdom ved graviditet. Likevel viser studiar at dei færraste (cirka 20 %) opplever tilbakefall.
Ver merksam
Komplikasjonar er nyresvikt, skadar på sentralnervesystemet eller svikt i andre organ.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund