Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Trombolyse

Trombolyse er det medisinske namnet for nedbryting av blodpropp ved hjelp av medisinar.

Før

Ved symptom på hjerneslag der det kan vere aktuelt med trombolysebehandling gjør vi først ein rask nevrologisk undersøking. Før behandling med trombolyse tar vi ein CT eller MR. I nokon tilfelle tar vi også blodprøvar.

Under

Trombolysebehandlinga blir gitt intravenøst via venekanyle, vanlegvis i handa/armen. Under og rett etter behandlinga blir puls, blodtrykk, oksygenmetning og hjarterytme målt, ofte ved hjelp av overvakingsmonitor.

Etter

For å følge med på korleis behandlinga virker gjennomfører vi hyppige nevrologiske undersøkingar. Intensiteten av den første hjerneovervåkinga avhenger av din tilstand og resultater av undersøkingar. Overvåkinga blir som regel redusert gradvis i løpet av det fyrste døgnet. Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning.

Vi anbefaler sengeleie den fyrste tida etter behandlinga. Nytt CT-bilde blir tatt etter 12-24 timar. Dette for å kontrollere at det ikkje har oppstått ei blødning før du får vidare blodfortynnande behandling.

Oppfølginga er avhengig av den kliniske situasjonen og av resultata av undersøkingar vi har gjort. Alle pasienter får ein gjennomgang av risikofaktorer og individuell behandling i forhald til disse. Vi kartlegger dine behov for rehabilitering og den første rehabiliteringa starter allerede på sjukehuset. 

En tid etter trombolysebehandlingen vil du merke at du lettere får blåmerker enn vanlig. Dette er ikke vedvarende.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​