Diagnose

Telefonkonsultasjonar i spesialisthelsetenesta

Sjukehusa skal auka bruken av video-og telefonkonsultasjonar. Det kan skape nye moglegheiter og større fleksibilitet for både pasientar og helsepersonell 

Utgreiing

Det kan vere ulike førebuingar før ein telefonkonsultasjon som for eksempel røntgen-undersøkingar eller blodprøvar. Det vil du i så fall få informasjon om i innkallingsbrevet ditt. 

Behandling

For at ein samtale skal kunne reknast som ein telefonkonsultasjon er det nokre krav som gjeld: 

  • Samtalen skal kunne erstatte konsultasjonen som elles hadde blitt gjennomført ved fysisk oppmøte. 
  • Samtalen skal vere planlagt. I nokre tilfelle kan den avtalast på kort varsel grunna pasientens behov. 
  • Samtalen gir reell helsehjelp.
  • Samtalen er mellom behandlar og pasient. 
  • Samtalen inneber undersøking av og innhenting av opplysingar frå pasient som skal brukast i vurdering av helsetilstand, behandling eller rettleiing om vidare behandling. 
  • Samtalen blir dokumentert i pasientjournal.
  • Det må vere medisinsk forsvarleg å gjennomføre samtalen utan fysisk frammøte. 
  • Pasientens personvern blir ivareteke.



Oppfølging

Du betalar same eigendel for ein telefonkonsultasjon som du gjer for fysisk frammøte. Dersom du har nådd frikortgrensa skal du ikkje betale eigendel.

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​