Synacthentest
Ved synacthentest får du eit syntetisk framstilt hypofysehormon (ACTH) direkte i blodet for å bedømme evna binyreborken har til å skilje ut kortisol. Testen skil ikkje mellom svikt i binyreborken (primær svikt) og hypofysen (sekundær svikt).
Vi gjer testen for å bedømme evna kroppen har til å lage kortisol. Ved mangel på kortisol må du ha erstatningsbehandling. Vi tek testen om vi mistenkjer:
- Primær binyresvikt som kjem av sjukdom i binyrene som Addisons sjukdom.
- Sekundær binyresvikt som følgje av langvarig bruk av kortisonpreparat eller sjukdom i hypofysen
Før
- Du skal møte fastande frå midnatt.
- Du skal ikkje ta prednisolon eller kortison etter at du har teke morgondosen dagen før testen.
- Du kan drikke vatn.
- Du møter klokka på tidspunktet som står i innkallinga di.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Vi set vanlegvis syntetisk ACTH direkte i blodet gjennom ein perifer venekanyle i armen.
Vi tek blodprøve for å måle kortisol før vi set testdosen med ACTH. Vi tek ein ny blodprøve frå venekanylen etter 30 minutt, eventuelt etter 60 minutt.
Undersøkinga varer cirka ein og ein halv time.
Etter
Når testen er avslutta, kan du reise heim.
Biverknader og komplikasjonar
Ved gjenteken testing er det registrert allergiske reaksjonar, men det er sjeldan. Nokon opplever varmekjensle under testen. Det er ufarleg. Nokon blir litt kvalme.
Skal eg til kontroll eller følgjast opp på nokon måte?
Du får vanlegvis svar på testen innan ei veke. Du og legen din får beskjed om resultatet. Legen som har bestilt testen, bestemmer vidare oppfølging.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund