Strålebehandling

Strålebehandling blir brukt for å kurere kreftsjukdom, førebygge eventuelle tilbakefall eller lindre plagsame symptom du får som følge av kreftsjukdom. I behandlinga nyttar ein stråling med høg energi. Vi tar sikte på å gi ein stråledose som er stor nok til å øydelegge kreftsvulsten og samtidig gjer minst mogleg skade på friskt vev.

Innleiing

Helse Fonna har ikke lokalt tilbud om strålebehandling. Når du er pasient hos oss, foregår derfor strålebehandlingen som regel ved Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus. For pasienter som har vært til undersøkelse/screening i det nasjonale Mammografiprogrammet, vil strålebehandlingen som regel skje ved Stavanger universitetssjukehus. Du vil få informasjon om hva som gjelder for deg.

Informasjon om strålebehandling hos Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus

Informasjon om strålebehandling hos Helse Stavanger, Stavanger universitetssjukehus

 

 

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at behandlinga skal kunne planleggast og gjennomførast, krevst det godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legar vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose ein skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulstens type, størrelse og lokalisasjon. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen din som skal behandlast. Bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg, kalla doseplan. På CT (computertomografi) vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte blir det også tatovert små hjelpemerke. Dette for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

Under

Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøking, og blir utført av stråleterapeutar ved eit behandlingsapparat. Ved første behandlinga får du grundig informasjon, og du får utlevert ei liste over datoar og tidspunkt for resten av den planlagte behandlinga.

Behandlinga gir ein vanlegvis dagleg måndag til fredag. Kvar behandling tar cirka ti til 30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefri.

Etter

Dersom du ikkje er innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar.

Strålebehandlinga kan gi ulike biverknader. Kva slags biverknader og graden av desse kjem an på stråledose, kva slags område på kroppen som behandlast og størrelsen på strålefeltet. Helsepersonell gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva slags biverknader du kan forvente, samt tiltak mot desse.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?