Operasjonsdagen
Du skal ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset. Du kan ete frukost som vanleg. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar, piercing og parfyme.
Sjølve operasjonen blir gjort i lokalbebedøving, og varierer frå 30 minutt til 1 time.
Etter operasjon
Du kan dra heim etter operasjonen. Like etter operasjonen vil legen snakke med deg og informere om korleis det gjekk og eventuelle omsyn ein må ta. Dersom det er sydd sting under operasjonen, blir det brukt sjølvoppløysande tråd som forsvinn av seg sjølv.
Det kan vere aktuelt med sjukemelding etter operasjonen. Legen vurderer dette.