Spyttkjertelbiopsi

Øre-nese-hals

Spyttkjertelbiopsi blir utført ved mistanke om Sjøgrens syndrom. Undersøkinga kan utelukke andre tilstandar og stille ein sikker diagnose.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientane blir tilvist frå revmatolog, men nokre blir også tilvist frå ØNH-lege, fastlege og tannlege.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du bør vere frisk, og ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt med oss om du er i tvil. 

Dersom du brukar blodfortynnande medisin som Marevan, må du ta kontakt med oss ved øye-nase-hals seinast 10 dagar før operasjonen, med mindre anna er avtalt.

2. Under

Operasjonsdagen

Du skal  ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset. Sidan inngrepet vert gjort med lokalbedøving kan du ete frukost som vanleg operasjonsdagen. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar eller piercing.

Ved ØNH-poliklinikk blir du undersøkt av lege før operasjonen og grunnlaget for den planlagde behandlinga blir vurdert på nytt. Deretter blir du tatt imot av sjukepleiar.

Operasjonen

Operasjonen blir gjort i lokalbedøving, og operasjonstida varierer frå 15 minutt til 1time, avhengig av kva som skal gjerast. Operasjonssår i munnen og på innsida av leppa blir sydd med sjølvoppløysande tråd. 

Det som blir fjerna blir sendt til analyse i mikroskop. 

3. Etter

 

Du kan reise heim, eller på arbeid, rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen, som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Om du er operert på ei av leppene, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret då kan sprekke opp. Oftast er sjukemelding unødvendig.

Det blir oftast sydd med sjølvoppløysande tråd.

Du kan bli nummen i leppa etter operasjonen. Dette er nesten alltid forbigåande.

Smertestillande

Lokalbedøvinga går ut etter eit par timar. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med smertestillande paracetamol tablettar. Følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.

Bløding

For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen. Ikkje ta del i trening eller annan tung fysisk aktivitet operasjonsdagen.

Mat og drikke 

Operasjonsdagen skal mat og drikke vere avkjølt eller kald for å minske ubehag og risiko for bløding. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.

Vi anbefaler at du skyller munnen med vatn etter måltida i nokre dagar, slik at matrestar ikkje festar seg i såret.

Ver merksam

Nokre pasientar opplever å bli nummen i leppa. I svært sjeldne tilfelle kan det bli varig.

Kontakt

Øre-nese-hals
Telefon
52 73 24 60
Resepsjonen ved ØNH er bemannet på dagtid man-fre
Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

MEIR INFO OM ANDRE RESERVERTE PLASSAR (ØH-plassar, beh.hj.middel osb)

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.