Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Spiseforstyrring hos barn og unge

Spiseforstyrringar er ei gruppe psykiske lidingar med symptom som handlar om forholdet til mat, kropp og vekt. Spiseforstyrringar er farleg og går utover både den psykiske og fysiske helsa. Det er gode behandlingstilbod og det er store sjansar for at du kan bli heilt frisk.

Det er ulike typar spiseforstyrringar, som anoreksi, bulimi og tvangsspising. Både gutar og jenter kan få det. Det vanlegaste er å få spiseforstyrringar i ungdomsalder. Små barn kan også få spisevanskar eller problematiske spisevanar som treng behandling. Eksempel kan vere veldig selektivt spisemønster, ulike typar matfobiar eller barneanoreksi.

Barn og ungdom kan ha enkelte teikn på spiseforstyrringar utan å ha alle. Grensa mellom eit anstrengt forhold til mat, kropp og vekt og det å ha spiseforstyrring er glidande. Det er normalt å ha periodar kor du ikkje er nøgd med kroppen din, slurvar med maten eller er ekstra fokusert på "riktig" kosthald. Vi snakkar først om spiseforstyrring når tankar, følelsar og oppførsel knytt til mat, kropp og vekt overskyggar alt anna og går utover korleis du har det til dagleg. Viss du har spiseforstyrring, er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg.

Nokre vanlege teikn på spiseforstyrringar kan vere

  • Vekttap eller manglande vektøking
  • Opptatt av vekt og kropp
  • Oppkast etter måltid
  • Utvikling av unormale spisevanar, som å unngå måltid eller visse mattypar, eller innta store mengder mat
  • Stress og skuld etter å ha spist
  • Trening prega av stress og tvang
  • Forakt for eigen kropp eller korleis du ser ut
  • Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar

Ung og bekymra?

For å bli frisk frå spiseforstyrring er det viktig å få hjelp tidleg. Det er lurt å snakke med foreldra dine eller andre du stolar på om korleis du har det. Du kan sjølv ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen. Du kan også snakke med lærar på skulen eller andre vaksne du stolar på som kan hjelpe deg å komme i kontakt med helsesøster eller andre hjelparar.

Les meir om spiseforstyrring på helsenorge.no

Råd til foreldre

Å vere foreldre eller i nær relasjon til nokon med spiseforstyrring kan vere utfordrande og krevjande. Når nokon i familien er sjuk, påverkar det resten av familien også. Foreldre kan blir veldig fortvila og kjenne maktesløyse. Kva skal og bør vi gjere for å hjelpe? Viss du er bekymra for om ditt barn/ungdom har spiseforstyrring, snakk med han/ho om dette. Klikk på lenka under for råd om korleis du kan gjere det. Du kan også kontakte helsesjukepleiar eller fastlege for å drøfte bekymringa di.

Les meir om å vere pårørande til nokon med spiseforstyrring hos Rådgiving om spiseforstyrrelser

Tilvising og vurdering

Spiseproblem kan behandlast i kommunen, hos helsesjukepleiar, fastlege eller kommunepsykolog. Barn og unge med mistanke om spiseforstyrring skal tilvisast til BUP. Det er fastlegen som vurderer kor alvorleg spiseforstyrringa er og om det er behov for behandling.

Samhandlingsforløp for spisevanskar i Helse Fonna

Last ned tilvisingsskjema 

Tilvisinga bør innehalde:

  • Beskriving av pasientens symptom og funksjon
  • Somatisk status:
    - Vekt og vektutvikling (KMI/percentilskjema)
    - Blodtrykk, puls, blodprøvar
    - Menstruasjon
  • Tilvisars vurdering av pasienten
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er utprøvd i kommunale tenester
  • For å sikre god overføring, skriv namn og telefonnummer til samarbeidande instansar.

For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta: Nasjonal veileder for henvisninger til spesialisthelsetjenesten, Helsedirektoratet.

Utgreiing

Utgreiing av spiseforstyrringar skjer ved poliklinikken i BUP. Ved første samtale lagar vi ein plan for utgreiinga saman med barnet/ungdommen og føresette. Utgreiinga kan innehalde samtalar med barnet/ungdommen, samtalar med føresette, utfylling av spørreskjema og legeundersøking. Etter at utgreiinga er gjennomført, får barnet/ungdommen og føresette tilbakemelding om diagnosen og tilrådingar om behandling.

Behandling

Behandling av spiseforstyrringar skjer i poliklinikken ved BUP viss somatisk helse er stabil. Forskning har vist at familiebasert terapi er den mest effektive behandlingsmetoden for barn og ungdom med spiseforstyrringar. Spiseforstyrringar påverkar heile familien og det er derfor ønskeleg at alle er med i behandlinga. Av og til kan kan familebehandling vere vanskeleg, for eksempel viss det er mange konfliktar i familien. Då kan ungdommen få behandling med kognitiv atferdsterapi og foreldre bli involvert i deler av behandlinga.

Viktige element i behandlinga vil vere:

  • Informasjon om spiseforstyrring, vanlege kjenneteikn og konsekvensar av sjukdomen
  • Legeundersøkingar og somatisk oppfølging
  • Behandling som er retta mot reduksjon av symptom på spiseforstyrringar, som normalisering av vekt og reduksjon av overspising og/eller oppkast
  • Rettleiing til foreldre og andre viktige personar rundt barnet/ungdommen.

Dersom barnet/ungdommen har alvorlege somatiske følgjer av spiseforstyrringa eller ikkje blir betre av poliklinisk behandling, vil vi vurdere om det er nødvendig med innlegging ved barneavdeling eller BUP i ein periode.

Oppfølging

Når behandlingar i BUP skal avsluttast, sender vi ei skriftleg tilbakemelding (epikrise) til fastlegen og eventuelt den som sendte tilvisinga til BUP. Her står om det er behov for oppfølging i kommunen og kva tilbodet bør innehalde. Det står også kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.

Kontakt

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.