Det er ulike typar spiseforstyrringar, som anoreksi, bulimi og tvangsspising. Både gutar og jenter kan få det. Det vanlegaste er å få spiseforstyrringar i ungdomsalder. Små barn kan også få spisevanskar eller problematiske spisevanar som treng behandling. Eksempel kan vere veldig selektivt spisemønster, ulike typar matfobiar eller barneanoreksi.
Barn og ungdom kan ha enkelte teikn på spiseforstyrringar utan å ha alle. Grensa mellom eit anstrengt forhold til mat, kropp og vekt og det å ha spiseforstyrring er glidande. Det er normalt å ha periodar kor du ikkje er nøgd med kroppen din, slurvar med maten eller er ekstra fokusert på "riktig" kosthald. Vi snakkar først om spiseforstyrring når tankar, følelsar og oppførsel knytt til mat, kropp og vekt overskyggar alt anna og går utover korleis du har det til dagleg. Viss du har spiseforstyrring, er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg.
Nokre vanlege teikn på spiseforstyrringar kan vere
- Vekttap eller manglande vektøking
- Opptatt av vekt og kropp
- Oppkast etter måltid
- Utvikling av unormale spisevanar, som å unngå måltid eller visse mattypar, eller innta store mengder mat
- Stress og skuld etter å ha spist
- Trening prega av stress og tvang
- Forakt for eigen kropp eller korleis du ser ut
- Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar
Ung og bekymra?
For å bli frisk frå spiseforstyrring er det viktig å få hjelp tidleg. Det er lurt å snakke med foreldra dine eller andre du stolar på om korleis du har det. Du kan sjølv ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen. Du kan også snakke med lærar på skulen eller andre vaksne du stolar på som kan hjelpe deg å komme i kontakt med helsesøster eller andre hjelparar.
Les meir om spiseforstyrring på helsenorge.no
Råd til foreldre
Å vere foreldre eller i nær relasjon til nokon med spiseforstyrring kan vere utfordrande og krevjande. Når nokon i familien er sjuk, påverkar det resten av familien også. Foreldre kan blir veldig fortvila og kjenne maktesløyse. Kva skal og bør vi gjere for å hjelpe? Viss du er bekymra for om ditt barn/ungdom har spiseforstyrring, snakk med han/ho om dette. Klikk på lenka under for råd om korleis du kan gjere det. Du kan også kontakte helsesjukepleiar eller fastlege for å drøfte bekymringa di.
Les meir om å vere pårørande til nokon med spiseforstyrring hos Rådgiving om spiseforstyrrelser
Spiseproblem kan behandlast i kommunen, hos helsesjukepleiar, fastlege eller kommunepsykolog. Barn og unge med mistanke om spiseforstyrring skal tilvisast til BUP. Det er fastlegen som vurderer kor alvorleg spiseforstyrringa er og om det er behov for behandling.
Samhandlingsforløp for spisevanskar i Helse Fonna