Foreldre kan bli med inn til undersøkinga. Barnet kan ligge eller sitte på undersøkingsbenken. Foreldre eller helsepersonell held barnet i posisjon med mest mogleg krumming i ryggen. Det er viktig at barnet er ligger (sitter) helt stille under heile undersøkinga.
Legen har på seg sterile hanskar og munnbind og vaskar ryggen grundig med desinfeksjonsmiddel. Vi markerer staden det skal stikkast i høgde med hoftekammen. Der stikker vi inn ei tynn nål mellom to ryggvirvlar. Barnet ditt kan kjenne kort smerte i beina som eit elektrisk støt når nåla går gjennom ryggmergshinna. Dette er fordi nervene blir irriterte. Det er ikkje skadelig. Nåla blir satt slik at den aldri vil gå inn i sjølve ryggmergen.
Når nåla er på plass, drypper spinalvæska i prøveglassa til analyse av betennelsesceller, sukker og protein. Prøvesvar er klart etter 1 time.
Noko væske blir sendt til mikrobiologisk undersøking på moglege smittestoff (bakterier, virus, sopp) eller ein utvida analyse av protein/eggekvitestoff. Svar frå desse prøvene får vi etter nokre dagar til veker, alt ettersom kva problemstillinga er. Når nåla er fjerna, dekker vi stikkstaden med eit sterilt plaster.