Mens du ventar på operasjon
Aktivitet
Det anbefalast ofte at du skal vere aktiv. Sjølv om du har ein del smerte. Gjer kvardagsaktivitet og det arbeid du klarar. Sjukmelding kan vere eit alternativ, men det må du snakke med fastlegen din om.
Smertestillande
Ofte kan plagene lindrast med reseptfri medisin. Dei bør brukast med gjevne mellomrom (3-4 gonger i døgnet). Trenger du sterkare smertelindring må du snakke med fastlegen din.
Blodfortynnande medisin
Dersom du brukar blodfortynnande medisin som for eksempel Marevan, Albyl-E, Plavix og lignande, må du avklare med kirurgen og/ eller din fastlege om du skal slutte med dei midlertidleg før operasjonen. Det er viktig at dette er avklart i samråd med din lege minst ei veke før operasjonsdagen.
Betring i ventetida
Dersom du opplev betring mens du ventar på operasjon, bør du ta kontakt. Nokon gonger forsvinn smerten ved " at kroppen leger seg sjølv", då er det sjeldan behov for operativ behandling.
Praktisk informasjon
Røyking
Vi anbefaler røykeslutt både før og etter operasjon. Røyking hemmar blodsirkulasjonen og aukar og risikoen for blodpropp og luftvegskomplikasjonar i forbindelse med narkosen.
P-piller
Vi anbefaler at pasientar som opererast i narkose sluttar med P-pillene seinast 14 dagar før operasjonen.
Sjukdom
Du bør vere heilt frisk når du skal opererast. Forkjøling gjer at operasjonen normalt bør utsettast. Spesielt gjeld dette dersom du har feber og hoste.
Kvelden før operasjon
Før operasjonen skal du faste. Det betyr at du ikkje skal ete eller drikke frå midnatt kvelden før operasjonsdagen. Du skal heller ikkje brukerøyk,snus, drops eller tyggegummi. Du kan ikkje ha på deg smykkar, ringer eller pirringar under operasjonen.
Operasjonen
Det nyttast som regel ein mikrokirurgisk teknikk der ein opererer gjennom eit ca 4-5 cm hudsnitt på ryggen. Under operasjonen utvidast ryggmargskanalen sentralt ved at virvelbuen fjernast heilt eller delvis. Nokre gonger må dette gjerast på fleire nivå, noko som krev eit større snitt i huda. Sidehola i virvelsøyla blir også utvida for å skaffe betre plass til nervane som går ned til beina. Av og til må også forkalka prolaps fjernast. Operasjonstida varierer men er vanlegvis ca 1-2 timar. Dersom ein ikkje kan bruke mikrokirurgi blir det brukt vanleg open teknikk med større snitt i huda.
Etter operasjonen
Du kan stå opp same dag som du blir operert. Det er viktig at du kjem i gong så snart som mogleg. Fysioterapeut og sjukepleiar ved avdelinga vil rettleia deg i forhold til dette. Dei fleste av pasientane kan reise heim dagen etter operasjonen eller i nokre tilfelle same dag.
Risiko
Ingen operasjon er risikofri. Blødingar og skade på nervar er sjeldne komplikasjonar, men kan førekome. Det brukast som regel mikroskop under operasjonen for å minske risikoen. Infeksjon i sår kan førekome. Inngrepet blir gjort i narkose noko som også representera ein liten risiko.