Eit typisk forløp hos oss har fem konsultasjonar fordelt over tre dagar. Desse tre dagane er ikkje påfølgande, men fordelt over ein periode.
I utgreiingsperioden vil du ha konsultasjonar med helsepersonell som lege, sjukepleiar, fysioterapeut og psykolog. Som regel vil du ha time til to faggrupper for kvart oppmøte. Her vil vi snakke med deg om di smertehistorie, noverande livssituasjon, korleis du fungerer i det daglege, tidlegare behandling, eigenmeistring og personlege mål. Det vil bli gjort fysiske undersøkingar hos lege og fysioterapeut. Du vil få råd og rettleiing undervegs.
Nokre pasientar blir kun kalla inn til éi eller to faggrupper etter vurdering basert på tilvisinga. Desse har ikkje tverrfagleg tilbakemeldingssamtale.
Forløpet blir avslutta med ein tverrfagleg tilbakemeldingssamtale der du møter alle faggruppene samla. Her presenterer vi alle råd og tilrådingar om vidare tiltak. Pårørande, fastlege eller andre du ønsker å ha med er velkomne. Vi sender deretter ei samanfatting (epikrise) til fastlegen din.