Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skjev nese (Rhinoplastikk), nynorsk

Skeiv nase kan rettast ut ved ein operasjon som er kalla rhinoplastikk. Operasjonen skal gjøre nasen meir open ved å lage den ytre delen av nasen rettare. For å rette nasen må vi ofte fjerne litt brusk inni nasen. Det kan hende vi må meisla bort litt bein på ytre del av nasen.

Før

Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisinar. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Alle må på førehand fylle ut "Eigenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptom som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisinar eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisin du kan ta før operasjonen. 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Medisinar
Det er viktig at sykehuset veit kva for medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisiner (for eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.

Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før. 

Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercingar, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på. 

Sjukehuset må vite om du har tannprotesar, bro, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstua. Dei må takast ut før du sovnar. 

 

Under

Operasjonen blir gjort i narkose. Anestesisjukepleiar og anestesilege passer på at du søv godt og får rett mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengda surstoff i blodet målast gjennom heile inngrepet.

Operasjonen blir gjort gjennom nasebora. Kirurgen fjernar og retter på brusk og bein på naseskiljeveggen. Dette er for å lage god plass på begge sider av veggen. Det blir sett inn tampongar i begge nasebora for å stanse blødingar.  Skiljeveggen blir støtta opp med mjuke plater og du får gips på nasen.

Etter

Etter operasjonen må du vere på oppvakningsrommet i minst 1 time. Du vil få medisinar for smerte og eventuelt for kvalme dersom du treng det. 

Heimreise
Alle som får utført rhinoplastikk kan i utgangspunktet reise heim same dag. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg, overnattar med ein vaksen pårørande på pasienthotell.  Ingen får forlate sjukehuset aleine etter ein operasjon, du må avtale at nokon kan kome og hente deg. Du skal heller ikkje være aleine første kvelden eller natta etter operasjonen.

Smertelindring
Før heimreise vil legen og sjukepleiar snakka med deg om kva du må passe på etter operasjon. Du vil og få informasjon om bruk av smertelindring. Legen sender elektronisk resept på smertestillande som du kan hente på apoteket. Det er lurt å kjøle ned nasen den første kvelden. Du kan pakke inn is i ein pose eller ein klut. Hold den på nasen så lenge du orker. Det er vanleg at det renn litt blod frå nasen dei første dagane. 

Skyljing med saltvatn
Nesetampongene blir vanlegvis fjerna dagen etter operasjonen. Etter at tampongane er fjerna må du byrje å skylje nasen med saltvatn. Du kan kjøpe ferdig utblanda saltvatn på apoteket eller lage sjølv. Då kokar opp 1 liter vatn og tilsett 1 stroken matskei salt. Saltvatnet bør ha kroppstemperatur når du bruker det. Saltvatnet må du snufs inn i nasen minst 3 gonger dagleg. Dette skal du gjere frem til første kontroll, eller i minimum to veker. 

Kontroll/oppfølging
Det er vanleg med kontroll etter 1 dag for å fjerne tampongane i nasen. Etter 7 dagar kjem du på kontroll for å fjerne støtteplater, gips og sting. Deretter er det vanlegvis kontroll etter 6 månadar.   

Sjukmelding
Det er vanleg med sjukmelding i 7-10 dagar. Det varierer ut frå kva arbeid du har. 

Trening og aktivitet
Du må ikkje trene i dei første 2 vekene etter operasjonen. Etter 2 veker kan du starte med roleg trening og auke etter kvart. Kontaktidrett, som for eksempel fotball, må du unngå i 6 veker.   

Bruk av nasespray
Nokre pasientar bruker nasespray som Nasonex, Avamys, Rhinocort eller Flutide Nasal. Du bør vente ein månad etter operasjonen før du bruker nasespray. Det er fordi det er hevelse, skorper og gammalt blod i nasen den fyrste tida etter operasjonen.

Når kan du snyte deg?
Det er vanleg renn litt blod og sårvæske får nasen dei første 2 dagane etter operasjon, men du bør vente 10 dagar etter operasjonen før du snyt deg. Ved snyting oppstår det eit høgt trykk i nasen og det kan lage blødningar. Skyl heller nasen med saltvatn.

Du kan føle deg tettare i nasen dei første dagane etter operasjonen. Det er fordi slimhinnene er hovne. Når støtteplatene blir fjerna vil nasen kjennast meir open. Det tek vanlegvis ein månad før du kjenner kor open nasen blir.

Mat og drikke
Unngå varm mat og drikke i to dagar etter operasjonen. Varmen kan gjere at du lettare begynn å blø. 

Generelt
Det er vanleg at nasen ikkje vert heilt rett etter operasjonen.
Hevelse rundt auga er også vanleg. Infeksjon er sjeldan, men dersom nasen vert raud eller om du får feber må du kontakte oss. 

Luktesansen blir ofte dårligare ei stund etter operasjonen, men kjem tilbake etter kvart. Det er svært sjeldan at ein opplever varig tap av luktesans. Ta kontakt dersom du blør store mengder eller ikkje klarar å stoppe blødinga. Ta også kontakt om du har teikn på infeksjon som feber, smerte eller nedsett allmenntilstand.

For ein liten del av pasientane blir det ikkje lettare å puste gjennom nasen.  I nokre av desse tilfella kan det vere tilrådeleg med ny operasjon.




Ver merksam

Sjeldne komplikasjonar 
Enkelte pasientar kan oppleve ein bli veldig sensitiv i øvre tannrekke og i gane den første tida etter operasjonen.
I nokre sjeldne tilfelle kan det oppstå hol på naseskiljeveggen. Dersom dette fører til plager i form av nasetettheit, skorpedanning, bløding eller spesiell lyd ved pusting kan det vere at du må gjennom ny operasjon.
I andre sjeldne tilfelle kan det utviklast hud-, blautvevs- og nerveskadar og tørre slimhinner med skorpedanning.
Forandring av ytre nase med senking av naseryggen og forskyving av brusken i naseskiljeveggen kan også i sjeldne tilfelle skje.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.