Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sigdcellesykdom – behandling

Sigdcellesjukdom er ein kronisk og arveleg blodsjukdom der dei raude blodcellene, som vanlegvis er runde, blir sigdforma, derav namnet. Dersom begge foreldra har genet som forårsakar sjukdommen, kan barnet deira få alvorlege symptom. Dersom berre éin av foreldra har genet, blir ikkje barnet sjukt. Det er altså mogleg å vere berar av genet og gi det vidare utan sjølv å vere sjuk. Sjukdommen er vanlegare i visse etniske grupper, mellom anna hos afrikanarar, asiatar og latinamerikanarar.

Sigdcellesykdom, som blant annet omfatter sigdcelleanemi, skyldes en medfødt genfeil. Sykdommen kan gi smerter og alvorlige helseproblemer, men noen rammes kun i lett grad.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Sigdcellesjukdom kjem av ein medfødd genfeil som rammar hemoglobinet i dei raude blodcellene. Det er hemoglobinet som fraktar oksygenet til dei ulike organa til kroppen. Pasientar med sigdcellesjukdom har eit defekt hemoglobin som hemmar evna blodet har til å frakte oksygen rundt om i kroppen og dette fører til blodmangel (anemi = låg blodprosent). Derfor blir ofte sjukdommen kalla sigdcelleanemi.

Sigdcelleforma blodceller kan også setje seg fast i små blodårar og blokkere dei (små blodproppar). Dette kan hindre den normale blodstraumen og gi opphav til smerter, til dømes i skjelettet.

Vaksne og eldre pasientar lid ofte av komplikasjonar som følgjer sigdcellesjukdommen. Dei kan utvikle nyre-, hjarte-, auge-, lunge-, lever/galle-, og skjelettproblem.

Berarar av eitt sjukdomsgen kan vente å leve eit normalt liv. Ved alvorleg sigdcellesjukdom er prognosen dårlegare. Hyppige blodoverføringar og medisinar gjer det mogleg å leve lenger enn før, men sjølv med optimal behandling har desse pasientane kortare forventa levealder enn gjennomsnittleg levealder i Noreg.

Før

Ein blodprøve kan avkrefte eller stadfeste om du har sigdcellesjukdom.

Foreldre som har risiko for å få barn med sigdcellesjukdom blir tilbodne genetisk rettleiing. Dette er særleg aktuelt for foreldre som

  • veit at dei er berarar av sjukdomsgenet
  • mange i familien har sigdcellesjukdom
  • tidlegare har fødd barn med sjukdommen

Under

Det finst inga rutinemessig behandling som kan heile sigdcellesjukdom.

Medisinsk behandling

Hydroksykarbamid er eit legemiddel som kan redusere anemi og smerter ved sigdcellesjukdom. Denne medisinen har biverknader, mellom anna magevonde, hårtap og nokre gonger redusert blodcelleproduksjon. Redusert blodcelleproduksjon kan forverre anemien og gi auka infeksjonsrisiko. OBS: Medisinen må ikkje brukast av pasientar som ønskjer barn (verken av kvinner eller menn).

Alle pasientar med sigdcellesjukdom har behov for ekstra tilskot av B-vitaminet folsyre (5 mg dagleg, fåast i tablettform).

Nokre pasientar vil ha behov for regelmessig blodoverføring.

Sjølvhjelp

Det blir tilrådd å unngå stress, drikke rikeleg med væske, få nok kvile og ikkje røykje. Nokon opplever at sterk varme eller kulde forverrar sigdcellesjukdommen. Moderat trening kan vere bra, men for hard trening kan forverre smertene. Det blir også tilrådd at du er varsam med inntak av alkohol.

Infeksjonar som kan ramme barn som følgje av sigdcellesjukdom kan vere veldig alvorlege. Forsking har vist at små barn får færre alvorlege infeksjonar dersom dei tek antibiotika jamleg etter at dei har fått diagnosen.

Vaksinar

Vaksinar kan forhindre infeksjonar og det er viktig å følgje det norske vaksinasjonsprogrammet. Det er også mogleg å få vaksine mot sjukdommar som lungebetennelse og hjernehinnebetennelse. Vaksine mot pneumokokkar, som er bakterien som oftast gir lungebetennelse, er ein del av vaksinasjonsprogrammet for alle barn. Desse vaksinane varer vanlegvis 5–10 år og må derfor fornyast med jamne mellomrom. Vaksinar kan lett gi feber og hevelse på stikkstaden, men gir vanlegvis ikkje alvorlege biverknadar.

Smertebehandling

Ved milde smerter er det nok å ta reseptfrie legemiddel, til dømes paracetamol eller ibuprofen. Ved sterke smerter kan legen skrive ut resept på eit svakt morfinliknande stoff, til dømes kodein.

Svært sterke smerter kan behandlast med morfin, men då må du leggjast inn på sjukehus. På sjukehuset kan ein også få væske intravenøst og oksygen via ei maske.

Legar skriv ofte ut ein kombinasjon av legemiddel mot smerter. Alle kan ha biverknadar kvar for seg eller saman. Spør legen om kva for nokre moglege biverknadar du kan få.

Etter

Sigdcellesjukdom er ein kronisk sjukdom. Dei fleste lever godt med sjukdommen. Det er likevel ein fare for alvorlege smerter og andre komplikasjonar. Det er viktig å kjenne til desse komplikasjonane og kontakte lege så snart du eller barnet ditt blir sjukt.

Snakk med legen din om kva varselteikn du skal sjå etter. Døme er feber, magesmerter som ikkje forsvinn ved bruk av vanlege smertestillande, brystsmerter, tungpust, talevanskar, synsforstyrringar, kraftsvikt i hender eller bein og hovudverk.

Å leve med sigdcellesjukdom handlar mest om å førebyggje akutte kriser. Dette kan ein gjere ved å leve sunt, ta vaksinar, ta medisinane som er føreskrivne av legen og unngå ting som kan forårsake akutte kriser.

Ofte stilte spørsmål

Kva gjer eg dersom eg kjenner meg sjuk og har feber?

Visse typar bakteriar kan gi opphav til alvorlege infeksjonar og krev rask oppstart med antibiotika.

Eg kjenner meg slapp og sliten. Kva kan det vere?

Alvorleg anemi kan krevje blodoverføring.

Eg merkar at eg har nedsett kraft i den eine armen. Kva kan dette vere?

Nokre pasientar får hjerneslag. Eit hjerneslag oppstår når blodtilførselen til ein del av hjernen plutseleg stansar på grunn av ein blodpropp. Dersom du oppdagar at du blir svak i ein arm eller eit bein, får slørete tale, nektar å gå, eller viser unaturleg åtferd, bør du ta kontakt med lege snarast.

Ver merksam

Ein sjeldan, men alvorleg komplikasjon til sigdcellesjukdom, er hjerneslag, som kjem av tilstopping av blodkaret av hjernen med små blodproppar. Tale- og svelgjevanskar og dessutan lammingar i ansiktet, armar eller bein er symptom på hjerneslag og lege må straks kontaktast.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk

Kontakt Medisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.