Ortopedisk seksjon, Haugesund

Spinal stenose - ryggoperasjon

Spinalstenose er ein tilstand kor det er redusert plass for nervevev i ryggen, enten i sjølve ryggmargskanalen eller der nerverøtene passerer ut frå ryggmargskanalen. Spinal stenose rammer oftast frå 40-års alderen og oppover, og er den vanlegaste årsaka til ryggkirurgi hos dei som er eldre enn 60 år.

Ventetider

  • Ventetid for utgreiing
    12 veker
  • Ventetid for innlegging
    20 veker

Innleiing

Spinal stenose kan gi ulike plager og symptom. Typisk er smerter i rygg og i beina, verst når man står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover.

Operasjonen har til hensikt å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusere plager.



Tilvising og vurdering

Fastlege tilviser til undersøking på poliklinikken. Du blir undersøkt av lege for å finne ut om vi bør operere eller ikkje.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

  • Generelt:  Arbeidsstatus, andre sjukdomar, medikament eller andre stimulantia (midler som auka funksjon eller aktivitet til eit av kroppens system).
  • Sjukehistorie: Varighet av symptom, smertelokalisasjon (rygg + utstråling) og grad av smerter. Funksjonsnivå inkludert gangdistanse, pareser (delvis eller ufullstendig lamming.).
  • Klinisk status: Nevrologisk status,  perifer sirkulasjon.
  • Andre undersøkingar: MR- funn og kor MR er tatt.



Før

Hald deg i aktivitet helt fram til operasjonen. Det er viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthold. Vi anbefala røykeslutt før og etter operasjonen.

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller drops etter kl. 24.00.

Ta med liste over medisinen du bruker. Du må også ta med deg skjema til Ryggregisteret.



Under

Operasjonen blir vanlegvis gjort i narkose. Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og operera gjennom eit 2-4 cm langt snitt i huda  på ryggen. Vi fjernar bein og bindevev slik at det blir betre plass i ryggmargskanalen.

Det kan bli lagt inn dren og urinvegskateter, desse blir vanlegvis fjerna same dag eller dagen etter operasjonen.

Vanlegvis blir operasjonsåret sydd med tråd som løyse seg opp av seg sjølv.  Huda er tapet med strips. Bandasje og strips fjernast ca. 14 dagar etter operasjonen hos fastlegen din.



Etter

Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost.  Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.

Det er vanleg å oppleve noko smerte i dagane etter operasjonen. Du får smertestillande medisin som du gradvis skal trappe ned.

Du kan bevege deg fritt etter operasjonen og vi anbefal at du er i mest mogleg normal bevegelse.  Gå tur, ver i aktivitet og beveg deg så naturlig som du klarar.

Det er vanlegvis ikkje nødvendig med opptrening på institusjon etter utreise.



Ver merksam

Dersom du opplev at det renn væske frå operasjonssåret, kraftsvikt i beina og manglande kontroll av vasslating/avføring, må du ta kontakt med avdelinga. 

Dersom det har gått meir enn 4 veker sidan operasjonen må du kontakta fastlegen.

Kontaktinformasjon

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Finne fram på Haugesund sjukehus

For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?