Før oppstart i dagbehandling er det viktig at du er kjent med behandlingstilbodet, og at behandlingsstaden kjenner deg. Det er nyttig med planleggingsmøte før behandlinga.
Rus dagbehandling
Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) kan vere behandling på dagen. Dagbehandling er eit tilbod til deg som har behov for behandling, men ikkje treng innlegging. Dagbehandling skjer ofte i forlenginga av eit opphald på ein døgninstitusjon.