HELSENORGE

Rektoskopi

Rektoskopi er ei undersøking av endetarmen og eventuelt nedre del av tjukktarmen. Undersøkinga blir gjennomført med eit lite rør (rektoskop) med lys, slik at legen kan inspisere endetarmen og slimhinna i den.

Ventetider

Før

Før rektoskopi er det viktig at tarmen er godt tømt for avføring. I innkallingsbrevet skriv vi korleis og når du skal tøme tarmen. 

Vi anbefaler som regel at du tar eit miniklyster 1-2 timar før undersøkinga for å tømme tarmen.

Under

Ved undersøkinga sitter du i ein gynekologstol og legen fører rektoskopet innover i endetarmen. For å få til dette, blåser legen inn litt luft via ein ballong som er festa til skopet, tarmen utvidar seg foran skopet, og det blir lettare å føre det innover. Du vil oppleve litt press i endetarmen av dette.

Samtidig som rektoskopet blir trekt ut, undersøker legen slimhinna og tarmveggen grundig. Legen vil ta prøver av slimhinna med ein biopsistang hvis han ser noke unormalt.


Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim.

Ver merksam

Det er sjeldan komplikasjonar etter ein rektoskopi. Viss vi tar vevsprøve, kan det blø litt. Ved kraftig bløding må du kontakte lege eller sjukehuset.

Svært sjeldan kan det gå hol på tarmen i samband med undersøkinga. Risikoen for dette er størst ved store betennesesforandringar i tarmen.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?