Rektoskopi
Rektoskopi er ei undersøking av endetarmen og eventuelt nedre del av tjukktarmen. Undersøkinga blir gjennomført med eit lite rør (rektoskop) med lys, slik at legen kan inspisere endetarmen og slimhinna i den.
Før
Før rektoskopi er det viktig at tarmen er godt tømt for avføring. I innkallingsbrevet skriv vi korleis og når du skal tøme tarmen.
Vi anbefaler som regel at du tar eit miniklyster 1-2 timar før undersøkinga for å tømme tarmen.
Under
Ved undersøkinga sitter du i ein gynekologstol og legen fører rektoskopet innover i endetarmen. For å få til dette, blåser legen inn litt luft via ein ballong som er festa til skopet, tarmen utvidar seg foran skopet, og det blir lettare å føre det innover. Du vil oppleve litt press i endetarmen av dette.
Samtidig som rektoskopet blir trekt ut, undersøker legen slimhinna og tarmveggen grundig. Legen vil ta prøver av slimhinna med ein biopsistang hvis han ser noke unormalt.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Slik får du refusjon for tømmemiddel
Nokre undersøkingar krev at du førebur deg ved å tømme tarmen. Det kan vere:
- Koloskopi
- Rektoskopi
- CT tykktarm
Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.
- Du kan ta med kvittering for kjøpet og fylle inn refusjonsskjema når du er hos oss
- Bruk skjema du finn på denne sida og send inn via edialog
Bruk av skjema og innsending digitalt
- Skriv ut skjema for refusjon (PDF) og fyll ut
- Legg ved dokumentasjon – vi treng innkallingsbrev og kvittering frå apotek. Du kan bruke kamera på mobilen din for å skanne dei
- Send inn skjema via edialog
Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogeleg.
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter ein rektoskopi. Viss vi tar vevsprøve, kan det blø litt. Ved kraftig bløding må du kontakte lege eller sjukehuset.
Svært sjeldan kan det gå hol på tarmen i samband med undersøkinga. Risikoen for dette er størst ved store betennesesforandringar i tarmen.