For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
- Ikkje ete eit stort måltid 1 time før undersøkinga
- Unngår bruk av tobakk før undersøkinga på undersøkingsdagen
- Ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga
- Du blir målt og veid før undersøkinga
- Bruker du inhalasjonsmedisin, tar du desse med til undersøkinga
- Om du har ein luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått en operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast
Om mogleg - unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
- 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin.
Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanlig.
Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din. Då er det viktig at du skriv ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på førehand opplyse om kva dor medisinar du bruker.
Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.