Lungepoliklinikk

Pusteprøve ergospirometri

Ergospirometri (CPET – cardiopulmonary exercise test) er ei undersøking som målar både oksygenopptak, lungefunksjon og arbeidskapasitet. Testen utførast på ergometersykkel. 


Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

For at testen skal kunne gi et så riktig svar som mogleg er det viktig at du:

 

  • har på deg lette og behagelige treningsklede og sko
  • ikkje et eit større måltid 1 time før undersøkinga
  • unngår bruk av tobakk undersøkingsdagen
  • ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga

 

 Om mogleg - unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
  • 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin. 
Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanleg.
Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din. Då er det viktig at du skriv ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på forhand opplyse om kva for medisin du bruker.

Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.




Under

Lungelege og lungesjukepleiar er med deg under testen. Dei vil fortelle deg korleis du skal utføra testen. Din hjerte- og lungefunksjon, blodtrykk og oksygenmetning overvakast underveis.

Først gjerast desse undersøkingane:
Spirometri
EKG

Måling av blodtrykk og oksygenmetting:
Legen ser på resultatet av desse undersøkingane. Om dei ser bra ut, utførar du sjølve ergospirometri-undersøkinga:

Under undersøkinga har du på deg elektrodar (frå EKG), måler for blodtrykk og oksygenmetting.

Du sitt på ein ergometersykkel. Du får på en maske over nase og munn. Den blir held på plass av eit feste som du har på hovudet. Masken skal vere tett, men du klarer å puste gjennom den. Før du starter å sykle, spør vi deg om pusten din ved å vise deg en skala som er et mål på pust (Borgs skala). Vi gjer dette fleire gonger under undersøkinga.

Når du startar å sykle skal det vere lett å trø i. Det vil bli tyngre etter kvart. For at du skal få utføra ein god test er det viktig at du pressar deg. Elles kan det bli ein test kor det blir vanskeleg å få avklart dine symptom og få en diagnose. Sjukepleiar vil spørje deg korleis det går. Lungelegen er med heile undersøkinga. Blir du trøtt og det gjør vondt i beina skal du likevel presse deg heilt til du ikkje orkar meir. Etter at testen er ferdig skal du sitte på sykkelen og trø lett rundt.



Etter

Etter undersøkinga vil legen tolke verdiane i forhold til forventa verdiar og skal sjå dette i samanheng med sjukdomsbilete og andre undersøkingar.


Kontaktinformasjon

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Finne fram på Haugesund sjukehus

For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?