For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
- ikkje et eit stort måltid den siste timen før undersøkinga
- unngår bruk av tobakk undersøkingsdagen
- ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga
- bruker du inhalasjonsmedisin, tek du desse med til undersøkinga
- om du har en luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått ein operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast
Om mulig - unngår å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
- 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin.
Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanlig.
Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din. Då er det viktig at du noterer ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på førehand opplyse om kva medisinar du bruker.
Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.