Behandling

Psykoterapi

I psykisk helsevern, som er den delen av spesialisthelsetenesta som tilbyr behandling av psykiske plager og lidingar, kan du få tilbod om ulike former for psykoterapi. Her kan du lese om nokre av dei sentrale psykoterapeutiske metodane som blir nytta.

I psykoterapi, også kalla samtaleterapi, er det vanleg at terapeuten bruker element frå ulike terapeutiske tilnærmingar. Psykoterapi kan også kombinerast med til dømes medikamentell behandling eller jobbretta tiltak.

Psykoterapi kan vere både individuell behandling, par- og gruppebehandling og par- eller familieterapi. Det finst også moglegheit for nettbasert psykoterapi. På dag- og døgneiningar blir det også tilbode miljøterapi basert på prinsipp frå psykoterapi.

Det er mange felles element i dei ulike psykoterapeutiske metodane. For alle metodane er det viktig med ein tryggleik og tillit mellom pasienten og terapeuten. Det er også viktig å vere samde om måla for samarbeidet i terapien. Det å bli møtt med empati og forståing er fellestrekk i alle terapiformene.

I psykoterapi er ein trygg og god allianse mellom behandlaren din og deg som pasient viktig for eit godt resultat. De bør vere samde om kva mål det blir arbeidd mot i terapien, og om kva metodar som skal nyttast av kvar av partane for å nå måla.

Erfaring og forsking har vist at psykoterapi har hjelpt mange til å handtere psykiske vanskar som angst, depresjon, rusmiddelproblem, psykoselidingar, søvnvanskar og svekt sjølvkjensle. Dei fleste av oss er vande til å gå til lege når det feilar oss noko. Der får vi kanskje føreskrive medisinar og blir bede om å ta det roleg nokre dagar. I psykoterapi er du sjølv aktiv deltakar i behandlinga av dei problema du opplever.

Psykoterapi er hjelp til sjølvhjelp

Psykoterapi er på mange måtar ei form for hjelp til sjølvhjelp, der du gjennom samarbeidet med ein profesjonell terapeut lærer å bli din eigen terapeut. Terapeuten bidreg med kunnskap om kva som har hjelpt andre med tilsvarande problem, medan du er eksperten på korleis akkurat du opplever vanskane og kva tankar du har om kva som kan hjelpe.

Derfor er det viktig at dine eigne ressursar, interesser og sterke sider kjem fram og blir brukte. Psykoterapi inneber ei moglegheit til å tenkje gjennom kven du er, korleis du har det, kva personar som betyr noko for deg og kva du ønskjer for dei og for deg sjølv.

Samarbeidet går vanlegvis føre seg i samtalar mellom deg og terapeuten din. Samtidig er støtte frå familie, venner og arbeidskollegaer ofte av stor betydning for arbeidet du gjer i terapien.

Følgjande spørsmål kan gi eit godt utgangspunkt for det som går føre seg i psykoterapi:

  • Kva er det som plagar deg mest i din noverande situasjon?
  • Kvifor søkjer du hjelp?
  • Kva er du fornøgd med i livet ditt, og kva eigenskapar ved deg sjølv set du mest pris på?
  • Korleis skulle livssituasjonen din vore for at du fekk eit betre liv, og kva ønske har du for familie og venner, arbeid og fritid?
  • Korleis har du prøvd å løyse vanskane dine tidlegare ?
  • Kan du tenkje deg andre måtar å løyse vanskane på, og korleis kan terapeuten hjelpe deg?

Allianse og tryggleik er viktig for eit godt resultat

Resultata i psykoterapi er avhengige av at samarbeidet blir prega av interesse, respekt og varetaking, og går føre seg i ein atmosfære av forståing, håp og realistisk optimisme. Behandlingsresultatet blir best når erfaringane og ønska dine står sentralt, og når du sjølv medverkar aktivt i di eiga behandling.

Viktig å ha tru på at endring er mogleg

Menneske som søkjer psykoterapi opplever ofte «å stå med ryggen mot veggen», det vil seie utan å oppleve at dei har gode måtar å komme vidare på. Ei kjensle av hjelpeløyse og rådløyse er vanleg, og ikkje sjeldan blir dette opplevd som skremmande. Det kan vere både fordelar og ulemper knytte til endring, og det er naturleg at ein er usikker. Utforsking av kva som er motivasjonen din, er noko som ofte inngår i psykoterapi.

Ved å leggje merke til kva du tenkjer, kjenner og gjer i situasjonar du opplever som vanskelege, kan du forstå meir av kva som skjer, og kanskje også sjå moglegheiter for positive endringar. Det kan vere situasjonar prega av depresjon og angst, konfliktar i forholdet til andre eller av at sterke kjensler står i motsetning til kvarandre.

Gode mål i psykoterapi

Mål i psykoterapi kan vere langsiktige. Mykje av det ein arbeider med i psykoterapi rører ved sjølvkjensle, sjølvtillit, måtar vi ser på verda og oss sjølve på og andre sentrale spørsmål. Minst like viktige er kortsiktige mål, som å gjennomføre bestemde aktivitetar, ofte noko ein har kvidd seg for. Arbeid med kortsiktige og konkrete mål har vist seg å vere gunstig, også for dei meir langsiktige måla.

Av og til kan du saman med terapeuten din finne fram til måtar å praktisere ny kunnskap på mellom timane. Med god planlegging kan du tore å eksperimentere med eigne handlingsmønster, slik at du kan få nye erfaringar på ein trygg måte.

Psykiske vanskar svekkjer ofte sjølvtillit og sjølvkjensle. Eit døme er ein depresjon som blir kjenneteikna av at det negative får stort spelerom. Ein legg merke til eigne feil og kva ein ikkje synest ein får til. Psykoterapi kan bidra til at du i større grad lærer å setje pris på deg sjølv. Då blir det lettare å følgje opp eigne interesser og å finne fram til og vere saman med menneske du trivst med og kan stole på.  

Før

Det er som regel inga førebuingar til timar med psykoterapi. Av og til får du oppgåver du skal trene på mellom timane.

Under

Les meir om ulike former for psykoterapeutiske metodar:

Psykodynamisk psykoterapi består av fleire ulike tilnærmingar, og kan ta form både av korttidsterapi, til dømes intensiv korttids psykodynamisk terapi, og meir langvarige terapiforløp, til dømes psykoanalyse. Utgangspunktet er at forholdet til nære personar i barndom og oppvekst avspeglar seg i forholdet til andre seinare i livet. Terapien blir retta mot innsikt i slike samanhengar, og korleis ubevisste konfliktar kan påverke kjensler og reaksjonar. Eit døme er at eit strengt sjølvbilete prega av skuld- og skamkjensle kan svekkje livskvaliteten.

Eit mål i terapien er å bli meir medviten om korleis ein unngår eller vernar seg mot skamfulle, skremmande eller smertefulle tankar, kjensler og opplevingar. Ved depresjon blir det til dømes ofte lagt vekt på å omarbeide tapsopplevingar og forstå den psykologiske bakgrunnen for reaksjonen på tapet.

Kognitiv åtferdsterapi rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tenking, kjensler og handlingar. Det er utvikla tilnærmingar som er spesielt tilrettelagde for pasientar med ei rekkje ulike former for psykiske og fysiske lidingar, så vel som søvnproblem, langvarige smertar og vedvarande utmatting. Samtidig er kognitiv åtferdsterapi eit paraplyomgrep som dekkjer fleire ulike terapeutiske metodar. Døme er dialektisk åtferdsterapi, metakognitiv terapi, eksponeringsterapi, skjematerapi, «mindfulness»-basert kognitiv åtferdsterapi, åtferdsaktivering og aksept- og forpliktingsterapi (ACT). I psykisk helsevern er det vanleg at behandlaren dreg nytte av element frå fleire av desse tilnærmingane.

Døme på tiltak i kognitiv åtferdsterapi er kartlegging av vanskelege situasjonar, utforming av aktivitetar som gir sjølvtillit og energi, utforsking og eventuelt endring av negative tankemønster, stimulering til auka sosial kontakt og problemløysing, og førebygging av tilbakefall av plagene. Ein viktig del er å avgrense tida som blir brukt til gjentakande grubling og bekymring som bidreg til å forsterke psykiske helseproblem.

Emosjonsfokusert terapi er ei terapiform som går ut på å utforske, forstå og endre vanskelege og låste kjensler. Eit prinsipp i denne terapiforma er at kjenslene våre i stor grad påverkar korleis vi har det, korleis vi forstår oss sjølve og andre, og korleis vi opptrer i livet.

Kjensler er nært knytt til behov for tryggleik, tilknyting og sjølvstende. Mister vi kontakten med kjenslene og behova våre kan det bidra til psykiske helseproblem. Gjennom empatisk lytting og refleksjonar blir pasienten leidd i retning av ein djupare kjenslemessig måte å arbeide seg gjennom dette på. I dette samarbeidet blir også metodar brukte frå til dømes gestaltterapi.

Interpersonleg psykoterapi er bygd på at pasient og terapeut diskuterer uforedla tapsopplevingar (som skilsmisse eller arbeidsløyse), problem knytt til nye roller (som når barna flyttar ut eller når ein blir pensjonist), konfliktar med pårørande, og mangelfulle sosiale ferdigheiter. Behandlingsmetoden kan lindre psykiske plager, som til dømes angst og depresjon, ved at pasienten lærer seg å handtere eller lause slike mellommenneskelege problem. Målet er å betre kommunikasjonen med andre menneske, spesielt rundt kjenslene og behova til pasienten. Terapien har element frå både psykodynamisk terapi og kognitiv åtferdsterapi.

Opplevingsorientert psykoterapi er ei brei gruppe av ulike terapiformer. Dei mest kjende er gestaltterapi og klient- eller personsentrert terapi. Dei er mellom anna retta mot bevisstgjering av, og eventuelt frigjering av, undertrykte kjensler for å fremje personleg vekst. Det finst ei rekkje tilsvarande behandlingsformer som gjer bruk av musikk, dans og drama. Musikkterapi kan til dømes verke positivt på både motivasjon, kjensleliv og sosiale ferdigheiter.

Parterapi i psykisk helsevern tek utgangspunkt i at psykiske lidingar kan føre til problem i parforholdet, samtidig som vanskar i parforhold kan utløyse, forsterke eller halde oppe dei psykiske plagene. Det er utvikla eigne former for parterapi for pasientar som både er deprimerte og har samlivsproblem. Målet er å hjelpe pasientane til å få innsikt i og endre reaksjonsmønster og konfliktar som går føre seg i forholdet til andre og som bidreg til depresjon. Ein viktig komponent i behandlinga er også å støtte deprimerte foreldre i å vareta sine barns behov.

Familieterapi er eit samleomgrep på ei rekkje ulike terapeutiske tilnærmingar. Felles er at ein prøver å forstå problem og leite etter løysingar ved å sjå på korleis familiemedlemmar gjensidig påverkar kvarandre. Derfor rettar ein særleg søkjelyset mot kommunikasjonen internt i familien og ulike roller som familiemedlemmane har overfor kvarandre. Ein er også oppteken av korleis andre system og nettverk utanfor familien verkar inn. Eitt utgangspunkt er at alle blir påverka dersom éin familiemedlem har eit problem, og at alle i ein familie kan ha viktige innspel som må bli høyrde for at kvar enkelt familiemedlem skal få det betre. Familieterapi tilbyr hjelp til å avdekkje negative familiemønster og til å endre desse mønstera.

Miljøterapi er vanlegvis ein del av tilbodet ved døgnbehandling. Formålet med miljøterapien er å fremje moglegheitene til pasienten for læring, meistring og personleg ansvar. Overordna kan vi seie at miljøterapi karakteriserer ei behandlingsform prega av miljøterapeutens planlagde, tilrettelagde og systematiske bruk av det som skjer i samspelet mellom pasienten og det miljøet vedkommande er i.

Miljøterapi, også kalla miljøbehandling, er eit uttrykk for eit overordna fagleg perspektiv, enn ein konkret metode. Miljøterapi har utspringet sitt i institusjonsbehandling, og er i dag ofte knytt til institusjonar der arbeid med barn, ungdom, vaksne og personar med utviklingshemming står sentralt.

Eit mål med miljøterapi er at symptom blir lindra og at pasienten gjennom erfaringar styrkjer trua si på eiga meistring, finn førebyggjande strategiar og får auka håp for framtida.

Etter

Du kan saman med terapeuten finne måtar å gjere det du har lært mellom timane. Med god planlegging blir du utfordra til å utfordre dine eigne handlingsmønster. Då får du nye erfaringar på ein trygg måte.

Kontakt

  • Kontakt Valen sjukehus
    Et tre med en bygning i bakgrunnen

    Valen sjukehus

    Sjukehusvegen 23

    Sjukehusvegen 23, 5451 Valen

    Transport

    ​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

    Praktisk informasjon

    Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

    ​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina er open 11.30-12.30. Måltid blir serverte på postane.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Haugaland DPS, Haugesund

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Transport

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Stord DPS

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk og døgnavdeling på Valen: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
    Poliklinikken i Odda: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

    Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10

    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.

    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord