HELSENORGE

Psykososial behandling ved Haugaland DPS

Den psykososiale behandlinga blir lagt opp individuelt. 

 

Innleiing

Utfordringar med psykisk helse kan ikkje bli sett på lausriven frå den sosiale konteksten dei oppstår i. Ordet psykososial er ei fellesnemning på sosiale og psykiske forhold som er viktige for helsa vår. Måten du meistrer kvardagen på, saman med sosiale omstende som situasjonen i heimen og på skulen, sosioøkonomisk status, arbeidsplassen osv. påverkar psykisk helse.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Den psykososiale behandlinga inneheld ulike element, og behandlingsplanen din seier noko om kva som er mest relevant for deg.

Under

Psykososial behandling fokuserer på:

  • å følge opp eventuelle psykososiale risikofaktorar i tråd med behandlingsplanen
  • å halde foreldregrupper med psykoedukasjon/samtale rundt aktuelle problemstillingar
  • å halde gruppesamlingar for familiar og nettverk
  • å rettleie familie og nettverk
  • å rettleie skule og arbeidsplass 
  • å halde familie- og nettverkssamtalar

Etter

Psykososial behandling er ein del av eit behandlingsforløp. Behandlingsplanen din seier noko om korleis heile behandlinga di er planlagt.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Parkering Haugaland DPS

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?