Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Psykoselidelser hos barn og ungdom

Ved psykoselidingar hos barn og unge kan både utgreiing og behandling vere omfattande og langvarig. Skiljet mellom utgreiing og behandling kan ha ein glidande overgang. Barn endrar seg over tid, og symptom endrar seg både med alderen til barnet, men også uavhengig av den. Behandlinga inneheld både samtalebehandling, medikamentell behandling og familiearbeid.

Psykose er ikke én bestemt lidelse eller sykdom, men et tegn eller symptom som kan kalles en forvirringstilstand. Det finnes flere typer behandling. De fleste som får behandling blir bedre, og noen blir helt friske.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Lege, psykolog, barne- og familieteneste, PPT og barnevern kan tilvise til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP).  Alle tilvisingar skal bruke eit eige skjema som skal bli sendt til BUP.

Skjema fra oslo-universitetssykehus.no (PDF)

Spesialisthelsetenesta vil på bakgrunn i prioriteringsveilederen - psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisinga skal vurderast innan 10 arbeidsdagar. Maksimumsfrist for inntak er 2 veker.

Alle tilvisingane skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men dersom innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten leggast inn som akutt hjelp via fastlege eller legevakt.

Viktig ved tilvising for psykose er:     

  • Anamnese på aktuelle symptom/åtferdsendringar og prodromalsymptom. 
  • Somatisk og mental status, rusmiddelbruk, utvikling i skule, heim og fritid.
  • Eventuelle belastande livshendingar, omsorgssituasjon, tidlegare tiltak.

Utgreiing

Ved mistanke om psykose må det gjerast ei brei utgreiing. Det kan ofte vere vanskeleg å diagnostisere ei psykoseliding dersom den er i startfasen. Symptom må til enkvar tid sjåast i samenheng med utviklingsnivået/evnenivået barnet har. Unøyaktig diagnostisering kan føre til mangelfull behandling.

For å stabilisere pasienten sitt symptombilete og fungering kan det vere aktuelt og nødvendig å starte behandling samtidig som utgreiing/kartleggjing. Utgreiing vil som oftast skje poliklinisk og inneheld utviklingsintervju, ulike kartleggingsverktøy og kroppsleg (somatisk) undersøking.

Behandling

Målet med behandlinga er å oppnå at symptoma minkar og at funksjonen blir betre, og at dette skal fortsette. Ved behandling av psykoselidingar hos barn og ungdom er merksemda retta mot meistringsområde og ressursar.

Både barnet/ungdomen og foreldra blir sett på som brukar og skal i stor utstrekning involverast i utgreiings- og behandlingsprosessen. Det er viktig at den unge tar del i og blir gjort ansvarleg i forhold til eigen behandling i den utstrekning han/ho orkar.

Behandlinga vil som oftast innehalde:

  • Samtalebehandling med mål om tilfrisking, symptombetring, funksjonsbetring og meistring av symptom.
  • Medikamentell behandling kan vere nødvendig for å redusere psykosesymptom eller betre søvn.
  • Tilrettelegging av kvardagen i tett samarbeid med familie og nære omsorgspersonar.
  • Kunnskapsbasert familiesamarbeid – inkludert psykoedukasjon, utvikling av kommunikasjonsferdigheiter, meistringsstrategiar og problemløysing.
  • Tilrettelegging på skule.
  • Tett kontakt med primærhelsetenesta; skule, fastlege, kommunale tenester.

Oppfølging

Før avslutting hos BUP er det viktig å starte eit samarbeid med aktuelle samarbeidspartnerar i kommunen som skulen, helsesøster, fastlege, psykiatritenesta, barne- og familietenesta, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og andre kommunale instansar.

Ungdom som har eller har hatt psykose vil som oftast ha behov for omfattande og langvarig oppfølging frå mange ulike instansar. Derfor bør det bli utarbeidd ein individuell plan og opprettast ansvarsgruppe. BUP tar initiativ til at slik plan blir laga og koordinator i kommunen blir oppnemnt, dersom det ikkje allereie eksisterer.

Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) avsluttar saker som hovudregel når ungdomen er 18 år. Dersom ungdomen blir vurdert til å ha behov for vidare behandling/oppfølging utover fylte 18 år, kan det vere aktuelt å overføre saka til psykisk helsevern for vaksne.

Kontakt

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.