Diagnose
Psykoselidelser hos barn og ungdom
Ved psykoselidingar hos barn og unge kan både utgreiing og behandling vere omfattande og langvarig. Skiljet mellom utgreiing og behandling kan ha ein glidande overgang. Barn endrar seg over tid, og symptom endrar seg både med alderen til barnet, men også uavhengig av den. Behandlinga inneheld både samtalebehandling, medikamentell behandling og familiearbeid.Tilvising og vurdering
Lege, psykolog, barne- og familieteneste, PPT og barnevern kan tilvise til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP). Alle tilvisingar skal bruke eit eige skjema som skal bli sendt til BUP.
Skjema fra oslo-universitetssykehus.no (PDF)
Spesialisthelsetenesta vil på bakgrunn i prioriteringsveilederen - psykisk helsevern for barn og unge avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Tilvisinga skal vurderast innan 10 arbeidsdagar. Maksimumsfrist for inntak er 2 veker.
Alle tilvisingane skal som hovudregel bli vurdert i poliklinikk, men dersom innlegging blir vurdert som nødvendig bør pasienten leggast inn som akutt hjelp via fastlege eller legevakt.
Utgreiing
Ved mistanke om psykose må det gjerast ei brei utgreiing. Det kan ofte vere vanskeleg å diagnostisere ei psykoseliding dersom den er i startfasen. Symptom må til enkvar tid sjåast i samenheng med utviklingsnivået/evnenivået barnet har. Unøyaktig diagnostisering kan føre til mangelfull behandling.
For å stabilisere pasienten sitt symptombilete og fungering kan det vere aktuelt og nødvendig å starte behandling samtidig som utgreiing/kartleggjing. Utgreiing vil som oftast skje poliklinisk og inneheld utviklingsintervju, ulike kartleggingsverktøy og kroppsleg (somatisk) undersøking.
Behandling
Målet med behandlinga er å oppnå at symptoma minkar og at funksjonen blir betre, og at dette skal fortsette. Ved behandling av psykoselidingar hos barn og ungdom er merksemda retta mot meistringsområde og ressursar.
Både barnet/ungdomen og foreldra blir sett på som brukar og skal i stor utstrekning involverast i utgreiings- og behandlingsprosessen. Det er viktig at den unge tar del i og blir gjort ansvarleg i forhold til eigen behandling i den utstrekning han/ho orkar.
Behandlinga vil som oftast innehalde:
- Samtalebehandling med mål om tilfrisking, symptombetring, funksjonsbetring og meistring av symptom.
- Medikamentell behandling kan vere nødvendig for å redusere psykosesymptom eller betre søvn.
- Tilrettelegging av kvardagen i tett samarbeid med familie og nære omsorgspersonar.
- Kunnskapsbasert familiesamarbeid – inkludert psykoedukasjon, utvikling av kommunikasjonsferdigheiter, meistringsstrategiar og problemløysing.
- Tilrettelegging på skule.
- Tett kontakt med primærhelsetenesta; skule, fastlege, kommunale tenester.
Oppfølging
Ungdom som har eller har hatt psykose vil som oftast ha behov for omfattande og langvarig oppfølging frå mange ulike instansar. Derfor bør det bli utarbeidd ein individuell plan og opprettast ansvarsgruppe. BUP tar initiativ til at slik plan blir laga og koordinator i kommunen blir oppnemnt, dersom det ikkje allereie eksisterer.
Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) avsluttar saker som hovudregel når ungdomen er 18 år. Dersom ungdomen blir vurdert til å ha behov for vidare behandling/oppfølging utover fylte 18 år, kan det vere aktuelt å overføre saka til psykisk helsevern for vaksne.