Psykologisk behandling ved bipolar lidelse
Eit føremål med psykologisk behandling er å førebygge at du får nye episodar med depresjon og mani eller hypermani. Andre viktige mål er å styrke din livskvalitet og fungering i kvardagen, og å redusere risikoen for sjølvmord.
Mange treng hjelp til å forstå lidinga, løyse problem i forholdet til andre, og andre negative følger av lidinga. Kunnskap om bipolar liding er viktig for å lære å kontrollere sjukdommen betre, og raskt søke hjelp dersom du treng det.
I den psykologiske behandlinga er det opplæring (psykoedukasjon), andre psykologiske hjelpetiltak, og arbeid med kriseplan.
Fire former for psykologisk behandling ved bipolar liding som har mange fellestrekk, er psykoedukasjon, interpersonlig og sosial rytmeterapi, kognitiv atferdsterapi og familiefokusert behandling.
Før
Du må vere i ein stabil stemningstiltand før den psykologiske behandlinga kan starte. Det er legen, psykologen eller behandlingsteamet som i samsvar med deg set opp planen din for den psykologiske behandlinga.
Under
Saman med behandlaren din kan du utforske om det tidligere i livet har vore måter å leve på som kan ha utløyst depresjonar eller oppstemte perioder. Dere kan drøfte behovet for å få ein meir stabil døgnrytme. Viktige tiltak kan vere å unngå for stor aktivitet i arbeid og heime i perioder med mykje energi, og å trene på å mestre mellommennesklege vanskar som tidlegare har bidratt til nye episodar.
Behandlinga kan også inkludere tiltak for eventuelle andre lidingar, som søvnvansker, angstlidingar og uheldig bruk av rusmidler.
Gjennom systematisk opplæring om biopolar liding og korleis den best kan bli handtert, kan både du som pasient og dine pårørande får nytting kunnskap.
Behandlinga skal også hjelpe deg til å oppdage og kjenne igjen teikn på tilbakefall. Vi går gjennom varselsignal ved både heva og senka stemningsleie, tiltak du sjølv kan gjere og kven som skal bli kontakta når du treng hjelp.
Etter
Det er viktig at du tar medisinane du har fått anbefalt av legen, at du lever eit så sunt liv du kan med regelmessig fysisk aktivitet, at du får nok søvn, og at du er forsiktig med alkohol og andre rusmiddel. Ved å vere merksam på tidlege teikn på tilbakefall, kan du raskt søke hjelp og førebygge nye episodar av depresjon eller mani.