Det er viktig at du og behandlar blir einige om måla for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsstrategiar og metodar. Psykoedukasjon er ein av dei som har dokumentert god effekt. Terapien er ein del av eit behandlingsforløp, og det vil vere behandlingplanen din som seier noko om korleis behandlinga di er planlagt.