Psykisk utviklingshemning inneber blant anna påverknad av språklege ferdigheiter i større eller mindre grad. Dette kan gjere det vanskeleg å formidle kjensle, opplevingar, somatiske plager og symptom på psykiske lidingar. Nokre er godt i stand til å formidle slike ting sjølv. Mange veit ikkje korleis dei skal gå fram for å få ei vurdering hos fastlege eller spesialisthelsetenesta, andre er heilt ute av stand til å ordne dette sjølv. Det er viktig at nære personar er tilgjengelig og tar på alvor når personar med utviklingshemming formidlar vanskar og plager, eller har endring i åtferd eller funksjonsnivå. Dette kan bety at det er behov for vurdering hos fastlege og eventuelt spesialisthelsetenesta.
Ei rekke somatiske plager kan gi åtferds- eller funksjonsendringar som kan likne på psykiske lidingar. For eksempel kan mangel på vitamin B12 før til irritabilitet, tiltakslause og trøttheit. Dette er også symptom vi kan sjå ved depresjon.
Før tilvising til psykisk helsevern er det behov for undersøking av somatiske plager og tilstander. Det blir gjort hos fastlege, som sender prøvesvar saman med tilvising til spesialisthelsetenesta når det er behov for vidare undersøking og behandling av psykiske lidingar.