Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykiske lidelser hos barn og unge

Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som pasient eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødvendig ventetid. Du skal få medverke i di eiga behandling og ho skal evaluerast undervegs.

Hjelp til å få det betre

Alle kan ha vonde kjensler og vanskelege tankar av og til. Det er heilt vanleg. For nokon kan kjenslene eller tankane likevel bli så plagsame og ta så mykje plass at det gir store problem på skolen, heime, blant venner og i fritida. Om du har det sånn, kan det vere at du, og kanskje menneska rundt deg, treng hjelp til å forstå kva som går føre seg inne i deg og til å finne ut kva som skal til for at du kan få det betre.

Kva er eit nasjonalt pasientforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Korleis blir du tilvist til nasjonale pasientforløp?

Eit pasientforløp startar ved at fastlegen eller ein annan som kan tilvise, sender ei tilvising til spesialisthelsetenesta, som regel eit sjukehus. Når spesialisthelsetenesta har gjort ei vurdering av tilvisinga di og konkludert med at du har rett til hjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale.

Vidare planlegging av utgreiing og behandling skjer i samarbeid med deg. Det er ansvaret til kommunen å sikre at du får nødvendig oppfølging mens du ventar på eventuell behandling i spesialisthelsetenesta.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

BUP Haugesund BUP Helse Fonna

Kontakt BUP Helse Fonna

Oppmøtestad

BUP Haugesund

Poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10. Poliklinikken ligg i 1. etasje, hovudinngang mot vest. Ved oppmøte, meld deg i ekspedisjonen.

Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Meieriet), 3.etasje.

Parkering Haugesund: Det er ikkje mogleg å parkere utanfor BUP Haugesund i Vinjesgate. Vi tilbyr parkering i parkeringshuset ved Haugesund sjukehus, men ver ute i god tid, da det kan vere vanskeleg å finne ledig parkering.

BUP Stord

Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus. Meld deg i ekspedisjonen ved oppmøte.

Lokasjon Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5 (underetasje)

Lokasjon Odda: Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 8, 5750 Odda (1. etasje).

En bygning med plen og gangvei

BUP Haugesund

Vinjes gate 10

5532 Haugesund

En bygning med et skilt på

BUP Stord

Tysevegen 64

5416 Stord

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Vi oppfordrer besøkande på BUP Haugesund i Vinjesgate om å vere ute i god tid. Det kan vere utfordrande å finne ledig parkering. 

Det er dessverre ikkje mogleg å parkere utanfor BUP i Vinjesgate. Du kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Du betaler på p-automatane, anten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 2 ladestasjonar. Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis.

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.