Førebuing heime
Aktivitet og kvile
Vi anbefala som oftast å vere i bevegelse sjølv om du har smerter. Ta opp dagleg aktivitet og arbeid om du klarar det. Snakk med arbeidsgivaren din om du eventuelt kan gjere alternative arbeidsoppgåver. Sjukemelding kan vere eit alternativ, men dette må du diskutere med fastlegen din.
I betring?
Dersom du blir betre i ventetida før operasjonen, bør du også ta kontakt med sjukehuset. Hos nokon forsvinn smertane ved at kroppen leger seg sjølv, og då er det sjeldan behov for kirurgi.
Smertestillande
Ofte kan plagene lindrast med reseptfrie medisinar. Desse bør tas med gjevne mellomrom, for eksempel 3-4 gonger i døgnet. Treng du sterkare smertelindring kan du diskutera dette med din fastlege.
Medikament
Dersom du bruker medikament i form av Marevan, Pradaxa, Xarelto, Albyl E, Plavix eller andre antitrombotiske (blodfortynnande) medisinar, må du i samråd med din fastlege avgjer om du kan slutte med desse ei veke før innlegginga. Dette er fordi desse medikamenta aukar risiko for bløding under operasjonen. Det er viktig at du gjer avtale med lege før du stoppar å ta desse tablettane.
Bruk av andre faste medisinar skal vere avklart med fastlegen din i god tid før operasjonen.
Alkohol
Du skal ikkje drikke alkohol dei siste 24 timane før operasjonen. Alkohol tynnar ut blodet og gjer vevet meir lettblødande.
Røyking
Røyking hemmar blodsirkulasjonen og auka risiko for blodpropp og luftvegskomplikasjonar i forbindelse med narkosen.
P-piller
Vi anbefala at pasientar som opererast i narkose sluttar med P-piller seinast 14 dagar før operasjonen. Kombinasjonen P-piller og røyking kan auka risikoen for blodpropp. Minipille eller hormontablettar som brukast i og etter overgangsalderen kan du fortsette med.
Infeksjonar
Du bør ikkje ha noko infeksjon ved operasjonstidspunktet på grunn av auka risiko ved narkose. Forkjøling gjer at operasjonen normalt bør utsettast. Spesielt gjeld dette dersom du har feber eller hoste. Ein lettare forkjøling på tilbakegang har normalt ingen betyding.
Førebuing på sjukehuset
Dagen før eller same dag som operasjonen skal du ha samtale med kirurg og narkoselege. Ein sjukepleiar informera deg om nødvendige førebuing før operasjonen.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikka, tygge tyggegummi/drops, snusa eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal kome over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikera at vi må utsetta operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikka klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.