Poliklinisk behandling i psykisk helsevern
Poliklinisk behandling i psykisk helsevern betyr at du kjem til jamlege samtaler med ein behandlar, enten aleine eller i gruppa. Saman med behandlaren blir de einige om mål for behandlinga, kor hyppig de skal møtast, og kor lenge tilbodet skal vare.
Erfaring og funn frå forsking gjennom meir enn 60 år viser at terapi verkar. Vi veit også at håp og tru hos den som søker hjelp er viktig for å oppleve effekt av terapien. Motivasjonen din for behandling er noko som er tema for dei innleiande samtalene.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising frå fastlegen eller andre helsepersonell.
Før
Det er eit krav at spesialisthelsetenesta skal bruke evidensbaserte metodar. Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og alt når du blir søkt inn, begynne å tenke over mål for behandlinga. Dersom du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.
Under
Behandlingsforma er samtalen, og det er ulike måtar å jobbe med vanskane dine på. Den polikliniske samtala er ein dialog som skil seg frå andre sosiale relasjonar, ved at det er du som kjem for å jobbe med problema dine, og temaa er ofte det som kjennest vanskeleg i livet. Det gjeld også å få hjelp til å oppdage og framheve ressursane dine. Det er jo nettopp ein ressurs at du har fått mot til å be om hjelp for vanskane dine, og kjenner motivasjon for å jobbe med deg sjølv.
Som nemnt finst det også fleire behandlingsmetodar. Dei fleste behandlarar jobbar eklektisk, det vil seie at dei gjer bruk av ulike teoretiske tilnærmingar og metodar tilpassa den enkelte pasienten. Haldninga er at vi prøver å forstå deg og plagene dine, og saman lagar vi ein behandlingsplan. Nokre pasientar er glade i å prate og fortelje om seg sjølv, mens andre må ein hjelpe meir i gang av behandlar. Det er eit solid forskingsfunn som tilseier at relasjonen mellom deg og behandlaren din er viktig for at du skal nå måla dine. Med dette er det meint at du kan kjenne du har grunnleggande tillit til behandlaren, at de er einige om behandlingsmål, og kva metodar de skal bruke for å nå måla dine.
Korleis kan ein vite om behandlinga verkar?
Å leve med psykisk sykdom
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.