Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Personlighetsforstyrrelser, voksne

Mange kan leve ei godt liv med ein personlegdomsforstyrring, men for nokon blir det vanskeleg å leve eit vanlig liv. Konsekvensane av personlegdomsforstyrringa kan bli svært plagsame, både for personen sjølv og for omgivnaden og er i stor grad avhengig av alvorsgraden.

Tilvising og vurdering

Ønsker du utgreiing for personlegdomsforstyrring kan fastlegen tilvise deg til psykiatrisk poliklinikk, ruspoliklinikk eller avtalespesialist. Går du allereie til utgreiing eller behandling ved ein poliklinikk, kan du også spørje psykologen din om dette. 




Fastlegen kan tilvise pasientar til spesialisthelsetenesta for utgreiing av personlegdomsforstyrring, men ein kan også bli tilvist av privatpraktiserande psykologar eller psykiatrar, legevakt eller andre avdelingar i spesialisthelsetenesta.    

   
Tilvisinga bør innehalde:   
  • Beskriving av tidlegare psykisk helse
  • Tidlegare utgreiing og behandling 
  • Aktuelle symptom og situasjon her og no
  • Informasjon om korleis ein fungerer
  • Informasjon om rusbruk
  • Omsorg for barn
  • Blodprøver for å utelukke somatiske tilstandar
   

   


   

Før

Utgreiing av personlegdomsforstyrring går føre seg gjennom spørjeskjema og intervju med ein fagperson. Ein psykologspesialist eller ein psykiater skal delta i vurderinga. Delar av utgreiinga er lik for dei fleste, medan andre delar vert tilpassa den enkelte. 

Spesialiserte intervju

Gullstandarden for utgreiing av personlegdomsforstyrring er ved bruk av intervjuet SCID-5-PF. Her blir ulike personlegdomstrekk og åtferdsmønster kartlagt. Etter intervjuet skal du få informasjon om resultatet og du kan saman med intervjuar ta stilling til kva personlegdomstrekk som skapar mest problem for deg. 

Andre undersøkingar

For å utelukke at problema dine skuldast fysiske sjukdomar eller andre psykiske lidingar, kan det vere nødvendig å gjennomføre ein del blodprøvar og andre undersøkingar. 

Utgreiinga inneheld også vurdering av sjølvmordsrisiko og valdsrisiko, og kartlegging av omsorg for barn. Det er ynskeleg, men ikkje absolutt nødvendig at behandlarar får snakke med dine næraste som kjenner deg best for å innhente informasjon i utgreiingsfasen. 




Under

Behandling for personlegdomsforstyrringar består av ulike former for samtaleterapi over lengre tid. Ein kombinasjon av individualsamtalar og gruppebehandling kan vere aktuelt. Behandlinga bør vere tilrettelagd for den typen personlegdomsvanskar du strevar med. Ved moderat til alvorleg personlegdomsforstyrring er det ofte behov for spesialiserte behandlingsprogram. 

Også andre hjelpetiltak kan vere aktuelle, som til dømes hjelp med økonomi og bustad. Av og til må slike tiltak komme tidleg for å kunne konsentrere seg om samtalebehandlinga. Hjelp til arbeid også vere aktuelt.

Mål for behandling

Målet med behandlinga er å redusere plagene dine samt auke livskvaliteten din og hjelpe deg å fungere i kvardagen. 

Behandlinga vektlegg å styrke din sjølvtillit og tillit til andre. Det vil gjere deg i betre stand til å fungere saman med andre.

Samtalebehandling

Samtalebehandling kan gå føre seg individuelt, i gruppe eller ein kombinasjon av desse. I terapien får du støtte til å utforske og forstå samanhengen mellom hendingar, kjensler og åtferd. 

Spesialisert behandling

Dersom du har moderat eller alvorleg personlegdomsforstyrring, kan det vere aktuelt med spesialisert behandling over 1-3 år. 

I Noreg finst følgande spesialiserte behandlingsprogram:
  • Dialektisk åtferdsterapi (DBT)
  • Mentaliseringsbasert terapi (MBT)
  • Skjematerapi (ST)
  • STEPPS/STAIRWAYS.
Felles for desse tilnærmingane er at:
  • Dei er godt strukturert og føreseielege
  • Består ofte av ein kombinasjon av gruppekurs, samtale- og gruppebehandling.
  • Du blir oppmuntra til å ta kontroll over eige liv
  • Terapeuten er aktiv, bekreftande og hjelper deg til å forstå samanheng mellom kjensler, hendingar og åtferd
  • Terapeutane arbeider i team der dei får rettleiing og kan drøfte sine behandlingar
Ved milde til moderate personlegdomsforstyrringar kan individuell behandling etter ein «generalistmodell» vere aktuelt. Generalistmodell er også strukturert og føreseieleg, men litt mindre omfattande enn dei spesialiserte behandlingsprogramma.

Legemidlar

Legemidlar har liten verdi for behandling av sjølve personlegdomsforstyrringa. Dersom du har psykiske tilleggsvanskar som til dømes mykje angst, depresjon, ADHD eller psykose, kan legemidlar av og til vere nyttig i kombinasjon med samtalebehandlinga.

Informasjon til pårørande

Det kan vere vanskeleg å vere pårørande til menneske med personlegdomsforstyrringar. Ein kan til dømes oppleve å bli misforstått, bli trua, avvist eller kome i konfliktar. Det er viktig at du tar vare på deg sjølv og di eiga helse. Det kan vere nyttig også for pårørande å snakke med nokon dei kan stole på, eller søke profesjonell hjelp.

Det kan ta lang tid, opptil mange månadar, før effekten av samtalebehandlinga blir synleg i det ytre livet. Det er derfor viktig at pårørande støttar og viser tolmod. Behandling av personlegdomsforstyrring er ingen «quick fix».

Prognose
Lidinga kan endre seg over tid. Gamle mytar som «ein gong personlegdomsforstyrring – alltid personlegdomsforstyrring» heng dessverre framleis igjen hos mange. Langtidsundersøkingar viser at omtrent ni av ti blir kvitt diagnosen etter 10 år. For menneske med personlegdomsforstyrringar, som for oss alle, vil kriser eller andre belastande livshendingar ofte framheve problematiske personlegdomstrekk som kan skape vanskar for oss sjølv og i relasjonar til andre. 

Tidleg diagnose, oppdatert kunnskap og tilrettelagt behandling gjev raskare betring. Spesielt gjeld dette ferdigheiter til å regulere kjensler og forståinga av deg sjølv og andre. Motsett vil sein diagnostikk, mytar og stigmatisering ofte forverre prognosen, gje auka lidingstrykk og medføre avbrotet utdanning, langvarige sjukemeldingar, tidleg uførleik og vanskelege familieforhold.

Etter

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan og ein kriseplan. Når du blir skriven ut frå spesialisthelsetenesta, blir behandlingsansvaret overført til fastlegen, nokon gonger i samarbeid med andre delar av helsetenesta. Da skal det finnast ein konkret plan for kven som overtek behandlingsansvaret. 

Kontakt

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Stord DPS

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk og døgnavdeling på Valen: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
    Poliklinikken i Odda: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

    Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



    Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.


    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.


    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.