Pacemaker og hjertestarter, batteribytte, nynorsk
Batteriet i pacemakeren eller hjartestartaren din har varigheit på åtte til tolv år, avhengig av kva funksjon den har, og kor mykje den er i bruk. Vi les av kapasiteten til batteriet ved alle kontrollar og planlegg tidspunkt for byte av batteri i pacemakeren eller hjartestartaren din i god tid før det er tomt. Ved behov for batteribyte byter vi heile generatoren.
Før
- Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller bruke snus, tygge tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
- Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine på morgonen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar som Marevan® (Warfarin), Pradaxa® (Dabigatraneteksilat), Xarelto® (Rivaroksaban), Lixiana® (Edoksaban) eller Eliquis® (Apiksaban), gjeld eigne reglar. Du får beskjed om kva medisinar du skal ta.
- Kvelden før operasjonen eller same morgon skal du dusje. Ved behov vil brystkassen bli barbert. Du skal ha på deg reint tøy. Du må ta av sminke, naglelakk, smykke og klokke.
- Det blir lagt inn ein venekanyle på armen din, slik at du kan få avslappande/smertestillande medikament og væske direkte i blodet. Før operasjonen får du smertestillande og roande medikament.
Under
Etter
Etter operasjonen blir du observert av sjukepleiar på sengepost. Du må ligge i senga dei første timane og unngå store bevegelsar med armen nærmast operasjonssåret. Du kan vanlegvis reise heim same dag. Før du reiser heim, vil pacemakeren/hjartestartaren og bandasjen bli kontrollert.
Etter heimreise
Ver merksam
- Bløding i operasjonssåret
- Aukande hevelse eller smerte frå operasjonssåret
- Feber
- Aukane svimmelheit eller at du svimar av
Kontakt
Haugesund sjukehus
Hjarteavdelinga
Oppmøtestad
2. etasje. Bruk heisen ved Narvesen (heis B), så kjem du rett til avdelinga vår.
Henvend deg i luka til høgre når du kjem ut av heisen.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund