Transport
Etter inngrepet reiser du heim. Du må sjølv sørge for at du har nokon som kan hente deg. Det hender at vi må gje medisinar under inngrepet som gjer at du ikkje kan køyre bil etterpå.
Generelt om heimreise
Du skal ikkje vera aleine fyrste kveld og og natt etter inngrepet. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg, overnattar med ein vaksen pårørande på pasienthotell. Vi bestiller dette.
Smertelindring
Dei fleste har litt smerter over nasen og panna etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter legen si anbefaling. Den første kvelden er det lurt å kjøle ned nasen med isbiter i ein klut eller liknande. Det kan hjelpe på smertene og redusere renning av blodtilblanda snue fra nasen grunna tampongane.
Skyll med saltvatn
Tampongane i nasen løyser seg opp, men det er viktig at du starter med å skylje nasen med saltvatn 3 dagen etter operasjonen. Det skal du gjere 3-4 gonger dagleg til du kjem tilbake for ei opprenskning, omlag 7 dager etter operasjonen. Då vil legen avgjere kor lenge du skal halde fram med dette.
Du kan lage eiget saltvatn. Kok opp 1 liter vatn og tilset 1 stroken spiseskei salt og kjøl av. Saltvatnet snufsar du inn i nasen fra handa di eller ved hjelp av eit naseskyljehorn.
Det er viktig at du ikkje snyt deg!
Bruk av nasespray
Dersom du bruker reseptbelagt nasespray, skal du starte opp att med denne 2 veker etter operasjonen.
Fråvær /Aktivitet
Etter operasjonen skal du ta det med ro. Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft i 14 dagar. Det er vanleg med sjukmelding i omlag ei veke. Be om sjukemelding eller fråværserklæring dersom du treng det.
Dusj/bad
Du kan dusje som normalt, men unngå karbad den første veka. Varmt badevatn aukar blodsirkulasjonen og kan gje aukt risiko for bløding.
Kontroll / oppfølging
Etter omlag 7 dager kjem du tilbake til poliklinikken for å rense opp i nasen og kontroll.
Generelt
Det kan ta opp til ein månad før du kjenner full effekt av operasjonen grunna opphovna slimhinner. Luktesansen kan vera redusert for ei stund. Det er svært sjeldan at ein mister luktesansen heilt. Ein annan svært sjeldan komplikasjon er at synet vert påverka.