Undersøking, Dopamintransporter scintigrafi
Nukleærmedisinsk undersøkelse av hjernen, DaTSCAN
Undersøkinga blir gjort for å kunne vise forandringar i hjernens dopaminaktivitet. Desse forandringane kan oppstå til dømes ved Parkinsons sjukdom. Vi bruker eit sporstoff merka med ei lita mengde radioaktivitet for å kunne seie noko om dopaminaktiviteten i hjernen. Vi bruker eit gammakamera eller ein SPECT/CT for å ta bilda.Før
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har mottatt innkallingsbrevet.
Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har mottatt innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Viktige førebuingar
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga
- Det er nokre medikament som du ikkje bør ta før du kjem til undersøking. Sjå innkallingsbrevet for nærare informasjon om kva medikament du må slutte med på førehand
- Du kan ete og drikke som vanleg
- Du må kunne ligge stille på ryggen på ein undersøkingsbenk i omtrent 30 minutt mens vi tar bilda
Under
Du vil få sett inn ein kanyle i ein blodåre i armen. Dette er nødvendig for å kunne gi deg dei to stoffa som skal takast opp i kroppen din. Det første stoffet blokkerer opptak i skjoldbruskkjertelen, og det andre er eit sporstoff merka med ei lita mengde radioaktivitet som blir tatt opp i dopamintransportere i hjernen. Vi tar bilde omtrent 3 timar etter at du har fått sporstoffet.
Når vi tar bilda legg vi deg på benken med hovudet i ein hovudstøtte. Gammakameraet kjem nært hovudet ditt for å få så gode bilde som mogleg. Bildetakinga tar omtrent 30 minutt.
Etter
Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Det tar nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.
Bilda skal etterbehandlast og blir granska av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga blir sendt til legen som har tilvist deg.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk seksjon
Kontakt Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund