Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Nevropsykologisk undersøkelse voksne

Klinisk nevropsykologi er å bruke nevropsykologisk kunnskap for å undersøke, forstå og rehabilitere menneske med sjukdom eller skade i sentralnervesystemet som har medført kognitive vanskar.

Innhaldet i undersøkinga vil variere noko frå person til person. Som regel gjennomfører vi ei strukturert kartlegging av funksjonsområder gjennom samtale med deg, eventuelt også med pårørande og/eller andre instansar der det er aktuelt. I dei fleste tilfelle blir det også gjennomført ulike testar.

Aktuelle testar er:

  • evnenivå
  • hugs
  • merksemd og konsentrasjon
  • språk
  • visuell funksjon
  • planlegging og organiseringsevne
  • motorisk og sensorisk ferdigheiter
  • atferd og sosial og emosjonell fungering.

Tilvising og vurdering

Fastlege og psykolog kan vise til nevropsykologisk utgreiing. Pasientar kan også bli tilvist frå somatiske avdelingar.

Frist som utløyser rett til helsehjelp er for dei fleste utgreiingar tre månedar, men i praksis vil utgreiinga som regel vere starta opp innan ein månad. Ved utgreiing i samband med førarkort eller andre attestar er det inga frist, og ventetida for slike undersøkingar kan derfor vere noko lenger.

 

  • Tydeleg forklaring av årsak til tilvising: Kva ønsker ein svar på?
  • Anamnestiske opplysningar (oppvekst, utdanning, yrke, sosial funksjon, fritid)
  • Aktuelle diagnosar og behandling, både somatisk og psykisk
  • Medisinliste
  • Andre relevante funn (blodprøvar, billeddiagnostikk, EEG etc)
  • Informasjon om eventuell tidlegare nevropsykologisk utgreiing.

Ved førarkortvurdering er det viktig at pasienten er informert om at dette er grunnlaget for tilvisinga. Det må leggast ved informasjon om andre somatiske og psykiske forhold er avklart jfr. helsekrava til førarkort (eks. syn, epilepsi, medikasjon, motorisk funksjon, atferdsforstyrring, psykose m.m.)

Før

  • Ta med ferdig utfylte skjema om du fekk tilsendt nokre på førehand.
  • Møt utkvilt til testinga, unngå medisinendringar eller rusmidlar dagane før.
  • Ta med briller eller høyreapparat om du brukar det.
  • Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller penger til å kjøpe mat, da testinga tar nokre timar.
  • Hugs å skru av mobilen under testinga.

Under

Første gong du kjem, har vi ei samtale om kvifor du er hos oss og hva undersøkinga går ut på. Vi hentar inn informasjon om din noverande og tidlegare funksjon, mellom anna gjennom ein utviklingshistorie frå barneår til i dag. Vi er interessert i dine sterke og svake sider, og aktuelle problem. Av og til hentar vi også informasjon frå pårørande eller andre instansar, men ikkje utan at du har gitt samtykke til det.

Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av testteknikar eller psykolog og blir vanlegvis fordelt over to dagar. Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan bli trøytt etterpå.

 

Etter

Etter at utgreiinga er ferdig, blir dei fleste innkalt til ei tilbakemeldingssamtale der vi går gjennom resultata. Av og til har vi også møter med andre instansar. Det vil bli drøfta behov for vidare oppfølging for eksempel på skule/arbeidsplass eller om du treng å bli tilvist til andre undersøkingar eller til behandling hos psykolog, fysioterapeut, logoped eller andre. I etterkant sender vi ein nevropsykologisk testrapport (epikrise) til den som tilviste deg, og vanlegvis også til fastlegen din og til andre instansar dersom det er avtalt.

Ver merksam

I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfeller der det er bekymring overfor barns omsorgssituasjon eller sikkerheit, og der helsekrav til førarkort ikkje er oppfylt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​