Faste
Barnet må ikkje ete noko eller drikke mjølkeprodukter etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Dei kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Barnet kan drikke klare væsker som vann, saft, tynn juice utan fruktkjøtt frem til 2 timer før operasjonen.
Dei 2 siste timane før operasjonen kan ikkje barnet ete eller drikke noko som helst.
Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, skal desse takast med til sjukehuset. Anestesilegen avgjer kva for medisiner som skal takast.
Det er viktig å fylje instruksane for faste med tanke på barnets helse og sikkerheit i narkose.
Hygiene
Barnet må møter nydusja/ bada og i reine klede. Ta gjerne med kosedyr og noko å lese i.
Oppmøte
Dykk skal møte på ØNH-poliklinikk som i 1 etasje. Her vil barnet få tildelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås som dykk kan oppbevare klede i.
Avslappande medisiner
Barnet vil få ein bedøvingskrem på hendene og innsida av olbogen. Dette er fordi barnet skal få ei innsett ei venekanyle. Det er gjennom venekanyla barnet får medisiner. Barnet vil få smertestillande medisiner før, under og etter operasjonen. Dykk må vere førebudd på at det kan bli ventetid på operasjonsdagen. Det er kun ein pårørande som kan vere med barnet inn på operasjonsstuen til barnet sovnar.