Medisinar som behandling
I nokre tilfelle kan livmorknutar bli behandla med medisinar. Det er fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å sjå om det kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Om dine livmorknutar skal behandlast med medisin, er det ikkje nødvendig å vere innlagt på sjukehus. Du vil då bli fulgt opp av legen for å sjå om medisinane har ønska og tilstrekkeleg effekt. Dette er det legen som avgjer.
Operasjon som behandling
Dersom operasjon er den riktige behandlinga for deg, vil du bli kalla inn på nytt til operasjonsførebuingar. Du vil då få snakke med helsepersonell som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, lege, anestesilege og fysioterapeut. Her vil du skriftleg og munnleg informasjon om inngrepet, og du vil kunne stille spørsmål.
Det finst ulike typar operasjonar som kan hjelpe. Nokre operasjonar blir gjort som dagbehandling, og du kan reise heim same dag som operasjonen. Andre operasjonar krev innlegging og overnatting på sjukehus i 1-3 dagar etter operasjonen.
Ulike typar operasjonar
Ein operasjon der ein kun fjernar muskelknuten på livmora blir kalla ein myomektomi. Då beheld du livmora, og du kan framleis få barn. Ikkje alle livmorknutar (myomer) er eigna for denne operasjonen. Av og til kan muskelknuta ligge slik at det ikkje er mogleg å fjerne berre muskelknuten. Dette kjem an på kor dei sit, kor mange dei er og kor store dei er. Det er legen som avgjer kva slags operasjon som er best for deg.
Det finst ulike operasjonsmetodar for å fjerne muskelknutar på livmora. Det er legen som avgjer kva slags operasjon som er best for deg:
- Kikholskirurgi (laparoskopi)
- Open kirurgi (laparotomi)
- Fjerning av små muskelknutar via skjeden
- Embolisering
Det er viktig å vite at uansett kva type operasjon ein vel for å fjerne muskelknutar på livmora, så kan muskelknutane komme tilbake.
Førebuingar før operasjonen
- Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
- Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
- Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
- Du må faste dagen før operasjon. Det vil seie ingen mat, drikke, røyk, snus, drops eller tyggjegummi etter kl. 24.00 dagen før operasjonen. Du kan drikke vatn fram til kl. 06.00, samt pusse tennene.
- Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer om det er nokon av dei faste medisinane som du skal ta på operasjonsdagen.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokon spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Du vil bli kjørt i seng til operasjonsavdelinga. Avhengig av kva slags operasjon du skal gjennom vil du få narkose eller ryggbedøving (spinal anestesi) før operasjonen begynner.
Under operasjonen
Inngrepet blir utført via eit instrument som førast inn i livmora via skjeden, og så blir muskelknuten/-ane& fjerna eller brent bort. Om ein berre fjernar ein muskelknute, vil du fortsatt ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Om heile livmorslimhinna blir fjerna, er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Operasjonen blir enten utført i full narkose eller med ryggbedøving, og inngrepet tar 5-15 minutt. Reduksjon av livmorslimhinna blir oftast utført som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.
Embolisering
Dette er eit inngrep som blir utført på Radiologisk avdeling. Små partiklar blir injisert i blodkar som forsyner muskelknuten/-ane i livmora, og lagar ein kunstig blodpropp. Knutane får ikkje blodtilførsel og vil krympe. Inngrepet blir utført med bedøving og smertestillande. Smertane kan variere i styrke i etterkant av inngrepet.
Etter operasjonen
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokon timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka og narkosen eller ryggbedøvinga har gått ut, blir du enten flytta over til sengepost eller kan reise heim avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov. Det er viktig å komme seg raskt på beina igjen etter ein operasjon. Du bør ha følge første gang du skal opp av senga etter operasjonen. Dette kan sjukepleiarane hjelpe deg med.Etter kikholsoperasjon og open kirurgi vil det bli lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etter.
Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men det kan skje:
- Bløding under eller etter inngrepet
- Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
- Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
- Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
- Blodpropp (sjeldan)
- Problem med bedøving (svært sjeldan).