HELSENORGE
Barn

Multiorgan inflammatorisk syndrom hos barn og ungdom etter SARS-CoV-2-infeksjon

Multiorgan inflammatorisk syndrom (MIS-C) er ein sjeldan betennelsessjukdom som kan oppstå etter Covid-19 hos barn og ungdom. Pasientane kan raskt bli alvorleg sjuke, med høg feber, symptom frå fleire organsystem, og sirkulasjonssvikt. Utfallet av sjukdomen etter behandling er god.

Innleiing

Barn med covid-19 har som regel milde symptom. Ein sjeldan gong kan barn og ungdom bli ramma av ein potensielt alvorleg tilstand 2–6 veker etter dei var smitta med koronaviruset SARS-CoV-2. Sjukdomen er ein betennelsestilstand som råkar fleire organ, oftast mage-tarmkanal, hjarte, hud og slimhinner. Pasienten treng ikkje å ha hatt nokre symptom i samband med den akutte infeksjonen med koronaviruset. Dei fleste pasientar med syndromet treng observasjon og behandling på sjukehus. Tilstanden kan forverre seg raskt, og tilvising til avdeling med kompetanse på intensivbehandling av barn er derfor viktig.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Utgreiing

For å sannsynleggjere diagnosen må ein gjere ein grundig gjennomgang av pasienten sin sjukehistorie, klinisk undersøking, blodprøvar og andre testar. Utgreiinga skal også utelukke andre alvorlege tilstandar og infeksjonssjukdommar som kan gi blodforgifting (sepsis) og/eller råke organ som mage/tarmkanal, hjarte, og lunger. Fleire revmatiske tilstandar kan også ha liknande symptombilde og skal utelukkast.  På sjukehuset undersøker vi mogleg påverknad av ulike organ, og det kan vere aktuelt med mellom anna ultralyd av hjarte og mage, røntgen/CT av lunger, EKG, EEG og spinalpunksjon.

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff. Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

  1. Før

    Enkelte analysar blir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon. Rekvisisjon kan vera sendt til laboratoriet før prøvetaking, om du har fått ein papirrekvisisjon må du ta med denne. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalar ikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma og avleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

    Ofte stilte spørsmål
    Korleis skal eg førebu meg?
    Analyseresultatet blir påverka av ei rekkje forhold, følg derfor instruksane om faste, diett eller fysisk aktivitet som lege/sjukepleiar gir i forkant av blodprøvetakinga.
    Kvifor skal eg sitje i 15 minutt før prøvetaking?
    Kroppsstillinga påverkar blodvolumet i kroppen. Det er ein fordel at du sit i 15 minutt før blodprøvetakinga, slik at blodvolumet blir stabilisert.
    Kva vil det seie å vere fastande?
    Å faste vil seie at du ikkje skal ete eller drikke dei siste åtte til tolv timane før blodprøvetakinga.
    Kan eg ta medisinar før blodprøvetakinga?
    Dersom du ikkje har fått andre instruksjonar, kan du ta medisinar som vanleg. Ved terapikontroll av medikament blir blodprøven vanlegvis teken rett før neste dose, men det finst unntak. Legen vil informere om det.
    Kan eg trene før blodprøvetakinga?
    Du bør unngå fysisk aktivitet utover vanleg gange før prøvetakinga, like eins hard trening og hardt kroppsarbeid i dagane før prøvetakinga.
    Tidspunkt for blodprøvetaking?
    Nokre komponentar i blodet varierer i løpet av døgnet. Følg retningslinjene du får frå legen. Dersom du har spørsmål om prøvetakingstidspunktet, kontaktar du rekvirerande lege.
    Skal eg ta med rekvisisjon?
    Dersom du har fått rekvisisjon(ar) frå legen/avdelinga, må du ta dei med til Poliklinikk for blodprøvetaking. Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f. eks. fastlege) må ha med utfylt papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.
    Gjer det vondt?
    I dei fleste tilfelle er blodprøvetaking uproblematisk og lite smertefullt. Enkelte kan likevel føle det ubehageleg og bli uvel under blodprøvetakinga. Gi beskjed til prøvetakaren dersom det gjeld deg, slik at forholda kan leggjast til rette for ei god prøvetaking. Lokalbedøving kan nyttast til venepunksjon, men må smørjast på huda éin til to timar før blodprøvetakinga.
    Korleis går blodprøvetakinga for seg?
    Prøvetakaren spør om pasientens fulle namn og fødselsdato/fødselsnummer. Blodprøven blir vanlegvis teken i armen, og det er en fordel å ha klede som er lette å rulle opp på overarmen. Prøvetakaren strammar eit band rundt overarmen for å få fram tydelege blodårer, deretter blir kanylen ført inn i blodåra. Det blir brukt sterilt eingongsutstyr ved blodprøvetaking. Prøvetakingsrøyret blir automatisk fylt med blod når kanylen er godt plassert i blodåra. Vanlegvis blir det tappa éin til fem prøvetakingsrøyr med blod, avhengig av kor mange analysar legen har bestilt.
    Korleis går blodprøvetakinga på barn for seg?
    Det er alltid ein fordel at barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller som eit stikk i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking). Prøvetakaren avgjer kva måte som er best for barnet ditt. Snakk gjerne med legen til barnet eller laboratoriepersonalet om eventuell bedøving av huda før venøs blodprøvetaking. Det finst smertestillande krem eller plaster som kan smørjast på huda. Kremen skal smørjast inn éin til to timar før prøvetakinga.
    Kor lang tid tek det å ta ein blodprøve?
    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Det er tilrådd å sitje i ro i om lag 15 minutt før prøvetakinga. Glukosebelastingar og andre belastingsprøvar må avtalast på førehand og går for seg i løpet av eit par timar ved at det blir teke fleire blodprøvar i løpet av denne tida.
    Når får eg analyseresultatet?
    Analyseresultatet blir rapportert til rekvirerande lege eller avdeling. Dersom du er innlagd på sjukehuset eller tilknytt ein av poliklinikkane til sjukehuset, vil analyseresultata vere tilgjengelege elektronisk like etter analyseringa. Dei fleste analyseresultata blir ferdige same dagen, mens nokre analyseresultat tek lengre tid.
    Laboratoriet kan ikkje oppgi analyseresultatet til pasienten. Det er legen som informerer om analyseresultata. Det er berre dei komponentane som legen har bestilt, som blir analyserte.
    Skal eg betale eigendel?
    Det er ingen eigendel ved blodprøvetaking.

  2. Under

    Du blir spurt om namn og fødselsnummer (11 siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sitte i ro i minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legen din har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel undervegs

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Ein sjeldan gang blir blodprøva tatt frå ein arterie. Da vil du få beskjed om å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultat på blodprøva blir sendt til den som har bestilt prøven for deg. Tilvisande lege informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdig på få minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

Les meir om Ultralyd av hjartet hos barn og ungdom

Ultralyd av hjartet hos barn og ungdom

Ultralydundersøking av hjartet er ein del av utgreiinga ved dei fleste hjartesjukdommar og medfødde hjartefeil. Undersøkinga gir detaljert informasjon om hjartets anatomi og funksjon.

  1. Før

    Undersøkinga krev inga spesiell førebuing, men det er lurt at sped- og småbarn er mette og nøgde før undersøkinga for å kunne halde seg mest mogleg i ro.

  2. Under

    Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøsen. Sped- og små barn kan ligge på fanget. Større barn kan sjå på film under undersøkinga.

    Undersøkinga blir gjort av ein barnelege, som held eit lydhode mot barnets brystvegg. For at ultralydapparatet skal kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom hud og lydhode. Derfor bruker vi alltid ein kontaktgelé på huda.

    Bilder blir registrert på ein skjerm som står ved sida av pasienten. Bilde blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av barnelegen.

    Gjer det vondt?

    Undersøkinga er smertefri. Dersom spedbarn er urolege, kan vi gi litt sukkervatn som er beroligande.

    Kor lenge varer undersøkinga?

    Undersøkinga varer vanlegvis 20-30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller barnet er uroleg.

  3. Etter

    Legen fortel vanlegvis om resultatet umiddelbart etter undersøkinga. Skriftleg svar blir sendt til avdeling, lege/fastlege som tilviste til undersøkinga.

    Barnet blir ikkje påverka av undersøkinga og kan reise heim eller tilbake til avdeling umiddelbart etter avslutta undersøking. Innanfor dei anbefalte retningslinjer er ultralyd ei ufarleg undersøking utan biologiske effektar.

Gå til Ultralyd av hjartet hos barn og ungdom

Les mer om EKG

EKG

EKG er en metode vi bruker for å registrere den elektriske aktiviteten i hjertet. Det er særlig de elektriske impulsene som utvikles når hjertemuskelen trekker seg sammen som fanges opp.

Ved hjelp av EKG kan vi se om hjertet slår regelmessig, om det er rytmeforstyrrelse eller ekstraslag. Hastigheten og utbredelse av de elektriske impulsene sier også noe om skade av hjertemuskelen og tykkelse eller størrelse av hjertet. EKG er viktig ved utredning og kontroller av alle slags hjertelidelser.

  1. Før

    Det kreves ingen spesielle forberedelser før EKG.

  2. Under

    Under undersøkelsen ligger du på en benk eller i en seng, og du må ta av deg klærne på overkroppen.

    Vi fester klistrelapper på huden. Du får en lapp på hver arm og fot, og seks lapper på brystet. Ved behov barberer vi bort hår i området hvor vi skal feste klisterlappene. Deretter fester vi ledninger fra EKG-apparatet til klistrelappene, og de elektriske impulsene i hjertet blir registert.

    Selve undersøkelsen tar cirka fem minutter og er helt smertefri. Du merker ikke at registreringen foregår og resultatet blir best om du ligger stille.

  3. Etter

    Det er ingen observasjonstid etter EKG.

Gå til EKG

Les meir om EEG

EEG

EEG er ei undersøking som måler dei elektriske impulsane i hjernen.

EEG er ei nyttig undersøking for utgreiing av ulike tilstandar som mellom anna besvimingar, epilepsi, koma, personlegheitsendring, søvnforstyrringar.

EEG blir også brukt for å overvake pasientar som får elektrokonvulsiv terapi, også kalla elektrosjokkbehandling.

  1. Før

    Når du møter til undersøkinga på sjukehuset må du ha reint, tørt hår utan hårprodukt (ikkje spray, gele, skum eller anna). Viss du sminker deg, unngå kremar, pudder eller liknande produkt i ansiktet.

  2. Under

    Du får ligge på ein benk og vi plasserer rundt 20 leidningar til hovudet ditt med ein voks. Vi stikk ikkje leidningane inn i hovudet, dei er berre i kontakt med huda di. Undersøkinga gjer ikkje vondt.

    Det er viktig å ligge heilt roleg medan datamaskinen registrerer hjerneakitivteten din.

    Sjølve registreringa varer i 20 minutt. Det tar også litt tid å feste leidningane og ta dei av og fjerne voks frå hovudet ditt.

  3. Etter

    Når du kjem heim, kan du vaske håret for å fjerne alle restar av voks.

    Resultatet av undersøkinga sender vi til legen som viste deg til undersøkinga og til fastlegen din.

Gå til EEG

Les meir om Spinalpunksjon hos barn

Spinalpunksjon hos barn

Hjernen og ryggmergen er omgitt av eit beskyttande og støtdempande lag væske, kalla spinalvæske, ryggmergsvæske eller liquor. Kroppen produserer 300-700 ml dagleg. Sjukdomar i sentralnervesystemet kan gi forandringar i spinalvæska.

  1. Før

    Dersom det er mistanke om sjukdom i sentralnervesystemet blir barnet innlagt akutt på barneavdelinga.
    Ved utgreiing av mindre akutte tilstandar, som mistanke om kronisk utmattingssyndrom eller nevrologiske utfall der vi vil utelukke sjeldne sjukdomar, blir undersøkinga planlagt innan få dagar til veker.
    Avhengig av tilstanden til barnet bruker vi 15-90 minutt til førebuing av undersøkinga.
    Før spinalpunksjonen undersøker vi barnet grundig med tanke på teikn som gjer denne spinalpunksjon nødvendig. Vi spør mellom anna om medisinbruk, særleg blodfortynnande medisin.
    Vi bruker lokalbedøving på huda (Emla-krem) som skal virke i 1 time dersom tilstanden til barnet tillet det. Dersom barnet er engsteleg, gir vi beroligande medisin som mikstur eller i endetarmen. Denne gir effekt innan 20-30 minutt.

  2. Under

    Foreldre kan bli med inn til undersøkinga. Barnet kan ligge eller sitte på undersøkingsbenken. Foreldre eller helsepersonell held barnet i posisjon med mest mogleg krumming i ryggen. Det er viktig at barnet er ligger (sitter) helt stille under heile undersøkinga.
    Legen har på seg sterile hanskar og munnbind og vaskar ryggen grundig med desinfeksjonsmiddel. Vi markerer staden det skal stikkast i høgde med hoftekammen. Der stikker vi inn ei tynn nål mellom to ryggvirvlar. Barnet ditt kan kjenne kort smerte i beina som eit elektrisk støt når nåla går gjennom ryggmergshinna. Dette er fordi nervene blir irriterte. Det er ikkje skadelig. Nåla blir satt slik at den aldri vil gå inn i sjølve ryggmergen.
    Når nåla er på plass, drypper spinalvæska i prøveglassa til analyse av betennelsesceller, sukker og protein. Prøvesvar er klart etter 1 time.
    Noko væske blir sendt til mikrobiologisk undersøking på moglege smittestoff (bakterier, virus, sopp) eller ein utvida analyse av protein/eggekvitestoff. Svar frå desse prøvene får vi etter nokre dagar til veker, alt ettersom kva problemstillinga er. Når nåla er fjerna, dekker vi stikkstaden med eit sterilt plaster.

  3. Etter

    Etter undersøkinga skal barnet ligge på magen ei lita stund. Det er tilrådd å ligge mest mogleg, kvile og drikke godt det første døgeret, slik at kroppen produserer ny spinalvæske raskt.

Ver merksam

Ein spinalpunksjon er eit inngrep med lite risiko. Likevel kan det i enkelte tilfelle oppstå følgjande komplikasjonar:
  • Sjeldan: Hovudpine som blir lindra i liggande stilling. Sterk hovudpine med kvalme og oppkast tyder på lekkasje av spinalvæske rundt stikkstaden og blir behandla med ein såkalla blodpatch. Det vil seie at vi brukar ein liten mengd av blodet ditt rundt stikkstaden ved bruk av same prosedyre. Blodet størknar, tettar stikkstaden og stoppar lekkasjen. Det er veldig sjeldan at dette er nødvendig.
  • Veldig sjeldan: Hudinfeksjon, betennelse, blødning eller blodsamling (hematom) rundt stikkstaden.
  • Ekstremt sjeldan: Varig skade av nerver eller ryggmarg, synkope. Dersom barnet ditt skulle få slike komplikasjonar, tar du direkte kontakt med barneavdelinga.

Gå til Spinalpunksjon hos barn

Behandling

Barn med denne tilstanden blir lagt inn på sjukehus. Barn utan risiko for eller teikn på alvorleg organskade kan observerast utan behandling på vanleg sengepost, men ofte må barn leggast inn på intensivavdeling. Dette er for å sikre tiltak som opprettheld forsyning av næring, sirkulasjon og surstoff til viktige organ. Ein sjeldan gong kan også pustemaskin (respirator) vere nødvendig. For å dempe betennelse og hindre seinare verknadar av sjukdomen gir vi immundempande medisin. Barna har auka risiko for blodpropp og får førebyggande behandling med blodfortynnande medisin.

Les meir om Invasiv ventilasjon

Invasiv ventilasjon

Invasiv ventilasjon er respiratorbehandling tilslutta trakeostomi. Trakeostomi er eit inngrep der det blir laga eit hol på halsen og inn i luftrøyret, for å gjere deg i stand til å trekke pusten midlertidig utanom strupehovudet. Behandlinga blir valt når det er behov for mekanisk pustestøtte størstedelen av døgnet.

  1. Før

    Du vil bli innlagt på lungeovervaking dagen før operasjonen. Her får du samtale med anestesilege og den kirurgen som skal operere deg. Du vil vere fastande frå midnatt.
    Faste

    Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

    De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker:: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

    Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer førDersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  2. Under

    Når du kjem til operasjonsstua, blir du lagt i narkose av anestesilege.
    Under operasjonen blir det laga eit hol på halsen og inn i luftrøyret ditt for å gjere deg i stand til å trekke pusten midlertidig utanom strupehovudet. Inn i dette hòlet blir det lagt ein tube / eit røyr som blir festa med eit band rundt halsen din.

  3. Etter

    Etter operasjonen vil du bli liggande på oppvaking ein kort periode. Deretter blir du flytt over til overvakinga.
    Tuben skal du ha i 7–10 dagar. Dette er fordi tuben skal danne ein kanal. Etter dette blir den bytt ut med ein silikontube som er mjukare enn den første.

Ver merksam

Respirator tilslutta trakeostomi kan vere eit behandlingsval når det er behov for mekanisk pustestøtte største delen av døgnet. Det er viktig at du er klar over kva praktiske fordelar og ulemper det kan medføre å ha ein trakealtube, før denne blir innlagt.
Fordelen er at du har full kontroll over respirasjonen, og at du har tilgang til reingjering og trakealsuging. Ulempa er auka infeksjonsrisiko, eventuelt tale- og etevanskar samt at det krevst ein mykje utstyr og hjelp. Dersom du er avhengig av respiratoren heile døgnet for å puste, skal det vere ein person tilgjengeleg saman med deg heile døgnet.

Gå til Invasiv ventilasjon

Oppfølging

Før barnet/ungdommen kan reise heim frå sjukehuset må allmenntilstand vere betra, og det må ikkje vere behov for oksygentilskot.

I tillegg til oppfølging hos barnelege skal alle ha oppfølging hos hjartelege 4-6 veker etter dei første symptoma. Viss sjukdomen har påverka hjarta, kan det vere behov for hyppigare kontrollar og lengre oppfølgingstid. Det er vanleg å få blodfortynnande medisin fram til oppfølgingstimen. I tillegg kan det vere behov for immundempande medisin i ein periode etter utskriving.

I Noreg har utfallet av sjukdomen etter behandlinga er god. Hos dei fleste pasiantene går organpåverknaden tilbake innan nokre månadar.




Faresignal

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.

Fann du det du leita etter?